JUBILEUM: Laurdag 17. desember er det 25 år sidan Gudvangatunnelen vart opna i 1991. Tunnelen batt saman Aurland kommune, men gjorde også at det for første gong gjekk an å køyre ferjefritt mellom Oslo og Bergen. Foto: Google Maps. 
JUBILEUM: Laurdag 17. desember er det 25 år sidan Gudvangatunnelen vart opna i 1991. Tunnelen batt saman Aurland kommune, men gjorde også at det for første gong gjekk an å køyre ferjefritt mellom Oslo og Bergen. Foto: Google Maps. 

Laurdag er det 25 år sidan denne tunnelen opna

– Den har betydd kolossalt mykje for Aurland, seier ordføraren. 

Aurland: Klokka 12.00 den 17. desember i 1991 vart Gudvangatunnelen opna. For første gong var det eit ferjefritt vegsamband mellom Oslo og Bergen. 

– Dette var ei nyvinning for heile Sør-Noreg og var grunnlaget for sambandet aust-vest. Den gongen gjekk sambandet vidare over til Hol, og seinare har Lærdalstunnelen kome til, fortel Noralv Distad (H), ordførar i Aurland.

– Samstundes batt tunnelen saman heile kommunen. Me hadde allereie fått vegsamband til Undredal, og no til Gudvangen. Dette var ei stor hending. Med auka trafikk såg næringslivet moglegheita. I løpet av få år både før og etter opninga vart det investert 100 millionar kroner i reiselivet her.

Markerte jubileumet

Torsdag vart dette markert i kommunestyret i Aurland. Tilstades var dåverande ordførar Osvald Turlid. Han fekk overlevert ein blomst.

– Han var ein entusiast for samferdsle og næringsliv, så det var naturleg at han fekk ei merksemd, seier Distad.

Artikkelen held fram under biletet.

JUBILEUM: Torsdag var dåverande ordførar Osvald Turlid invitert til kommunestyret i Aurland der dei markerte jubileumet. Her saman med ordførar Noralv Distad. 
JUBILEUM: Torsdag var dåverande ordførar Osvald Turlid invitert til kommunestyret i Aurland der dei markerte jubileumet. Her saman med ordførar Noralv Distad. 

Fraser som «ein merkedag for ein heil landsdel», «ei ny tidsrekning» og «eit prakarbeid» vart nytta av Turlid då han var med på opninga i 1991.

– Betydd kolossalt mykje for Aurland

Grunnlaget for Gudvangatunnelen vart lagt allereie i 1969. Då gjorde Stortinget vedtak om veg frå Aurland til Hol i samband med konsesjon for Aurlandsutbygginga. I 1975 kom stortingsvedtaket  om stamveg Oslo-Bergen via Sogn.

I 1974 opna vegen til Hol, og i 1984 var det gjennomslag på Flenjatunnelen. Den 17. desember for 25 år sidan opna Gudvangatunnelen. Dei første åra var det ein årsdøgntrafikk her på knapt 800. I dag er den på over 2000.

– Tunnelen har betydd kolossalt mykje for Aurland. Vegen er heile grunnlaget for at me har så stor gjennomgangstrafikk med gode kommunikasjonar både mot Bergen og austover, samt til resten av Sogn. Det har vore veldig gunstig for Aurland, og me ser at det har vore veldig sterk vekst i reiseliv og handel, seier Distad.

Ei nyvinning i si tid

Då tunnelen opna i 1991, var tunnelen den sikraste i landet. Det var den første tunnelen i Sogn og Fjordane med mobilsamband, rett og slett ei nyvinning i si tid. Men brannar og ulykker har no sett tunnelen i litt negativt lys.

– Ulykkene har sett fokus på strengare reglar for tunnelar. Det er veldig mykje som vert utbetra no, men som hovudveg mellom aust og vest er det nokre minussider og standarden burde vore høgare, meiner ordføraren.

– Det er kraftig stigning opp til og deretter nedatt til Flåm. Både tryggleiksmessig og med tanke på transportkostnad og miljø, er det ideelt med ein flat tunnel mellom Gudvangen og Flåm. Det er noko som er omtalt i aust-vest-innstillinga og noko Aurland har spelt inn i si fråsegn.

Til toppen