OPNING: Laurdag er det offisiell opning av gjestehamna og Mundal sentrum i Fjærland, der det blir skikkeleg fest for å markere hendinga. Foto: Privat.
OPNING: Laurdag er det offisiell opning av gjestehamna og Mundal sentrum i Fjærland, der det blir skikkeleg fest for å markere hendinga. Foto: Privat.

Laurdag opnar gjestehamna og Mundal sentrum

Slik omtalte Båtmagasinet den nye gjestehamna i Fjærland i fjor. No står endeleg heile anlegget klart.

Laurdag blir det stortstilt opning av Fjærland gjestehamn, som har blitt omtalt som «verdas vakraste» i Båtmagasinet. 

No står heile anlegget i Mundal sentrum ferdig, med gjestehamn, universielt utforma servicebygg og parkanlegg. Servicebygget og rikeleg tilgang på straum og vatn gjer Fjærland gjestehamn til ei av dei mest tilrettelagte gjestehamnene i Sognefjorden, skriv Båtmagasinet i sin omtale.

– Laurdag vert det offisiell opning av Mundal sentrum og Fjærland gjestehamn. Fjærland Bygdalag ønskjer velkomen til ein fest- og kulturdag på det nye kai- og torganlegget. Jonsokbryllaup, bryggedans, sjantisar og mykje meir står på programmet. Det vert høve til å kjøpa mat og drikke og til å leige kajakk, seier Hans I. Haugen, leiar i Bygdautvalet i ei pressemelding.

Heilt sidan 1990-talet har vore arbeidd med å få i gang oppussing av Mundal sentrum. 

– I 2005 vart det laga ein plan om å pynte fjordkanten med ei fin steinfylling. Prosjektet var då kostnadsrekna til 2,1 millionar. På eit bygdamøte i 2010 blei desse planane forkasta. Fjærlendingane ville ha båthamn og parkanlegg på området.

– Nye planar blei utarbeidd, og kostnadsrekna til 6,5 millionar. Sidan Sogndal kommune hadde søkt bygdautviklingsmidlar til det første prosjektet, var det ikkje høve til å sende ny søknad etter det nye kostnadsoverslaget. Av ein totalkostnad på 6,5 millionar er derfor 4,4 millionar dekka inn delvis av dugnadsarbeid, delvis av innsamla pengar.

Sogndal kommune har vore prosjekteigar, og Fjærland Bygdalag har vore ansvarlege for planlegging og utføring.

Til toppen