Årdal: I sommar blei det klart at årdølen Odd Einar Nordheim er ein av artistane i NRK-programmet Stjernekamp.
– Eg gler meg vilt, men eg er latterleg nervøs, sa Nordheim til programleiar Kåre Magnus Bergh då deltakarane vart presenterte på NRK tidlegare i sommar.
Spesielt glad i klassisk soul
Laurdag er det duka for årets fyrste episode av Stjernekamp, og nytt av året er at artistane skal få syna seg fram i sin eigen sjanger.
Det skriv NRK i ei pressemelding.
Odd Einar sin sjanger er soul/pop. Han er blitt kalla Norges best bevarte hemmelegheit i musikkbransjen, og blir rekna som en av landets beste vokalistar. I 2001 gav han ut debutalbumet "Mind Your Head", noko som gav han ein Spellemann-nominasjon.
Han blir skildra som ein allsidig artist som taklar dei fleste sjangrar, men han er spesielt glad i klassisk soul. No er han òg begynt å gje ut musikk på sognedialekt, går det fram i ein pressemelding frå NRK.
Dermed er fyrste låt ut frå Odd Einar Hard To Handle av Otis Redding.
Stemmene blir samla i andre program
Det er ingen artistar som ryk ut i det fyrste programmet, men stemmene dei får blir tekne med vidare og lagt til stemmene i andre program.
Laurdagens dommarpanel er Maria Mena, Stian Staysman Stiansen, og Mona B. Riise, avsluttar pressemeldinga frå NRK.