Årdal: Gjennom heile veka skal det arrangerast mange ulike aktivitetar i heile fylket. I over 20 år har Norsk Friluftslivs medlemsorganisasjonar markert Friluftslivets veke frå første helga i september.
Over heile landet blir det mogleg å delta på spennande friluftslivsaktivitetar i regi av lokale lag og foreiningar, organisasjonar, friluftsråd og kommunar. Det er Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonane som står bak.
– Me ønskjer at fleire skal få oppleve natur og friluftsliv og bli kjent med natur og friluftslivsmoglegheitene der dei bur, seier Sigurd Felde i Forum for natur og friluftsliv, Sogn og Fjordane.
Ta ei natt ute
Allereie laurdag vert du og eg oppfordra til å ta ei natt i naturen, anten i telt i hagen, ved å dra dyna ut på balkongen eller slå leir i eit skogholt.
Ekstra spesielt er det i år at friluftslivets veka finn stad rett før stortingsvalet. Difor er stortingskandidatane inviterte med rundt leirbålet for å diskutera natur og friluftsliv. I år finn bålsamtalen stad på Sunnfjord folkehøgskule.
– Det er stortingsvalg mandagen etter friluftslivets veke, og me ønskjer å vise kor viktig friluftslivet er for det norske folk. Me har erfaring med at bålet gir ei fin ramme for å diskutera viktige politiske tema for friluftslivet, seier Felde.
Sporlaus ferdsle
Eit viktig tema blir då sporlaus ferdsle.
– I Noreg har me allemannsretten, som gjer det mogleg for oss å ferdast fritt, hauste frå og oppholde oss i naturen. Men hugs at allemannsretten også forpliktar til sporlaus ferdsle, som blant anna omhandlar at me ikkje øydelegger naturen og ryddar opp etter oss, minnar han om.