VIPPS-DAG: Laurdag 13. mai er den store Vipps-dagen, og i Sogndal går fleire bankar saman om å markere dagen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VIPPS-DAG: Laurdag 13. mai er den store Vipps-dagen, og i Sogndal går fleire bankar saman om å markere dagen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Laurdag vil dei setje noregsrekord i etablering av digitale butikkar

Laurdag 13. mai er den store Vipps-dagen, og i Sogndal går fleire bankar saman om å markere dagen.

Sogndal: Snart vil det ikkje vere behov for å ha med lommeboka på butikken i Sogn så lenge du har med deg mobiltelefonen. Den nye generasjonen Vipps har gjort mobilen til eit kassaapperat. 

Laurdag kjem Sparebanken Vest, Indre Sogn Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane til å ha aktivitetar på Sogningen. Også i Årdal kjem Indre Sogn Sparebank til å ha stand der dei fortel om løysinga.

Målet er å få flest mogleg bedrifter til å lære seg VippsGO. Over heile Noreg skjer slike markeringar, og i Sogn og Fjordane er Sogndal einaste stad der dei tre bankane går saman.

– Me ønskjer alle som er interesserte i å selje sine varer og tenester gjennom mobiltelefonen velkomne. Mange butikkar har allereie etablert VippsGO. Dette er noko både butikkane og forbrukarane vil ha, seier Anne-Grete Flo i Sparebanken Vest. 

– Med VippsGO vil lag og foreningar, butikkar og bedrifter få moglegheit til å selja sine varer og tenester gjennom mobiltelefonen. I Sogn sitt nærområde blir handels- og tenestenæringa invitert inn i ein digital tidsalder, legg ho til.

Til toppen