LIVSFARLEG: Lause gjenstandar som julegåver, i bilen kan ta menneskeliv ved ein bråbrems. Pakk difor lasten trygt til jul. Foto: Statens vegvesen. 
LIVSFARLEG: Lause gjenstandar som julegåver, i bilen kan ta menneskeliv ved ein bråbrems. Pakk difor lasten trygt til jul. Foto: Statens vegvesen. 

Lause julegåver kan ta liv

Ei hyggeleg julegåve kan bli ein livsfarleg prosjektil i bilen. Vegvesenet ber folk bruke hovudet når bilen skal pakkast til juleferien.

Til og med noko så daglegdags som eit laust nettbrett i baksetet, som ungane spelar eller ser film på, kan ta liv. Det er store krefter som arbeider i ein kollisjon.

– Eit nettbrett kan bli eit «hammarslag» i seteryggen eller i bakhovudet på føraren. Eit brett veg under ein kilo. Usikra i baksetet vil dette treffe seteryggen framme med ei kraft på 24 kilo ved ein bråstopp i 50 km/t. Aukar farten til 70 vil krafta bli 36 kilo og heile 96 kilo i 100 km/t, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding.

Fullasta bilar er eit vanleg syn i juletrafikken. Gåver, bagasje, skiutstyr og anna er med når folk set kursen mot familie eller hytta.

– Ved ei ulykke eller bråbrems vil usikra gjenstandar bak slyngast framover. Dette utgjer ein stor fare for førar og passasjerar. Mangelfull og dårleg sikring av last i bil fører til at skadeomfanget blir større i mange ulykker, seier vegdirektøren.

Gustavsen fortel at Vegvesenet kjenner til ulykker der personar har overlevd den første kollisjonen, men har omkomme etter å ha blitt trefte av usikra last inne i bilen. (©NPK)

Til toppen