STENGD: Symjehallen i Hyllestad er stengd grunna ei uavklart smittesituasjon. Kyrkja på biletet har ikkje noko med saka å gjere.
STENGD: Symjehallen i Hyllestad er stengd grunna ei uavklart smittesituasjon. Kyrkja på biletet har ikkje noko med saka å gjere.

Lavik symjehall stengd grunna «uavklart smittesituasjon»

Blir kopla til smitteutbrotet i Hyllestad.

Lavik: Symjehallen i Lavik vil vere stengd heile denne veka. Stenginga skjer på grunn av ein «uavklart smittesituasjon i samband med smitteutbrotet i Hyllestad», som kommunen skriv på sine sider måndag ettermiddag. 

Tidlegare same dag vart det kjent at ein person busett i Lavik er smitta av koronaviruset.

Personen er tilsett på Havyard sitt verft i Hyllestad. 

Ventar på svar

Hyllestad kommune har den siste veka kjempa mot eit utbrot som stammar frå verftet. 36 personar er meldt smitta, og talet er venta å auke.

Lavik ligg nære grensa mellom dei to kommunane.

Hyllestad ventar måndag ettermiddag svar på om lag 180 prøvar. 

Høyanger kommune ba laurdag sine eigne innbyggjarar vere varsame med besøk og reiser til Hyllestad. 

Porten.no kjem tilbake med meir.

Til toppen