TRENINGSSAMLING: Desse trenar på søk i snøskred. Foto: Aud Flemsæter
TRENINGSSAMLING: Desse trenar på søk i snøskred. Foto: Aud Flemsæter

Lavinehundar kan redde liv

Norske Redningshundar hadde trening på Tyin i helga. 

Årdal/Tyin: I helga hadde Norske Redningshundar treningssamling på Tyin. Dei heldt til på hytta til Norsk Folkehjelp.

- Det var mange som var med på treningssamlinga, fortel Knut Skår som er styreleiar i Norske Redningshundar.

Medlemmane i Norske Redningshundar er frivillige som brukar mykje tid og ressursar for å trene opp hundane sine til å kunne redde menneske i naud. Dei som driv med dette må gjennom eit nøye utarbeida godkjenningsprogram som sikrar høg kvalitet.

Hundane trenar seg opp til å bli lavinehundar. Desse søkjer raskare gjennom eit snøskred område, enn det eit menneske har moglegheit til. Dei har derfor større sjanse til å finne sakna personar i tide.

Artikkelen held fram under biletet. 

SØK: Her er eine lavinehunden på veg inn i snøhola etter menneskesøk.
SØK: Her er eine lavinehunden på veg inn i snøhola etter menneskesøk.

- Treningssamlinga var veldig lærerik. Hundane lærer å finne menneska i snøskredet.

Skår fortel vidare at dei lagar snøholer der dei gøymer menneske. Så slepp dei hunden laus slik at han skal finne det sakna menneske.

- I startfasen når ein skal øve inn eit søk med nye hundar, så brukar me å leggje ein ting som hunden likar godt saman med mennesket som gøymer seg. Dette kan til dømes vere favorittballen til hunden.  

Han legg til at treningssamlinga gjekk veldig bra og at folk var nøgde med helga.

Artikkelen held fram under biletet. 

TRENINGSSAMLING: Desse er med på å gjere ein viktig jobb saman med hundane.
TRENINGSSAMLING: Desse er med på å gjere ein viktig jobb saman med hundane.

Norske Redningshundar er opptekne av at folk veit at ei slik teneste finnes, og kan kontakte dei om ulykka er ute. 

Til toppen