NYTT EVENTYR: Leander Øy (15) skal til neste haust spela for G19-laget til Sarpsborg.
NYTT EVENTYR: Leander Øy (15) skal til neste haust spela for G19-laget til Sarpsborg. (Foto: Privat)

Leander (15) går frå sjettedivisjon til eliteserieklubb

Keepertalentet skal i første omgang spela for G19-laget til østfoldingane.

Årdal: Leander Øy (15) har skrive kontrakt med Sarpsborg 08, melder Årdal FK i ei pressemelding på eigne heimesider. 

– Me gler oss sjølvsagt på Leander sine vegner, dette er noko han har satsa mot lenge, seier far og trenar Ivan Øy i pressemeldinga.

Leander Øy vart i fjor kåra til årets spelar då han spelte for samarbeidslaget Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen i 6-divisjon.

Planen er å flytta til sommaren, og starta på toppidrettslinja på St. Olav vidaregåande skule til hausten.

Til toppen