Gratisarbeidet har auka med til saman 110 årsverk sidan legeforeningen gjennomførte ei tilsvarande undersøking i 2014. Illustasjonsfoto. 
Gratisarbeidet har auka med til saman 110 årsverk sidan legeforeningen gjennomførte ei tilsvarande undersøking i 2014. Illustasjonsfoto. 

Legar seier dei jobbar nær tusen årsverk gratis

Legeforeningen har i vår spurt norske sjukehuslegar kor mykje gratis overtid dei jobbar. Svaret er tre timar i veka i snitt. Det utgjer i alt 924 årsverk.

  • Endret

Arbeid: Det er nesten like mange som dei totalt 955 årsverka på heile Akershus universitetssjukehus, skriv Dagens Næringsliv.

– Eg er ikkje kjent med at nokon jobbar gratis hos våre medlemmer. Ingen av dei sjukehusa eg har sjekka med etter at eg fekk førespurnad frå avisa, er kjent med gratisarbeid. Gratisarbeid skal ikkje finne stad, seier Anne-Kari Bratten, leiar for Spekter, som er arbeidsgjevarforeininga for sjukehusa.

Stor belasting 

President Marit Hermansen i Legeforeningen seier om undersøkinga at legane opplever ei stor belasting.

– Dette er arbeidstid som ikkje nødvendigvis er pålagt, men som legar likevel ser seg nøydde til å jobbe fordi det er misforhold mellom oppgåver og avtalt arbeidstid. Legar jobbar i utgangspunktet mykje. No er strikken strekt langt, seier ho.

Gratisarbeidet har auka med til saman 110 årsverk sidan legeforeningen gjennomførte ei tilsvarande undersøking i 2014. I same periode har avtalt arbeidstid per lege per veke gått ned. 

Til toppen