STRENG DOM: Ein lege må i fengsel etter å ha teke morfin på jobben.
STRENG DOM: Ein lege må i fengsel etter å ha teke morfin på jobben. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Lege må i fengsel – stal morfin og var påverka på jobb

Teken på fersk gjerning etter at kommunen fatta mistanke.

Indre Sogn: Ein lege vart i tingretten måndag dømd til fengsel i 36 dagar. Legen tilstod at han ved fleire høve har teke morfin frå legesenteret der han jobbar. Til saman tok han minst 42 ampullar til ein verdi av rundt tusen kroner.

I seg sjølv vurderer retten tjuveriet som mindre alvorleg, men til gjengjeld eit grovt tillitsbrot. Han vart óg dømd for å ha vore påverka av morfin på jobben. 

Blodprøve viste utslag

I slutten av mars vart det teke ei blodprøve som viste at legen hadde ein konsentrasjon av morfin i blodet som tilsvarer 0,2 i promille. Sjølv om utslaget var lite, meinte retten det var grunn til å slå hardt ned på.

At den domfelde hadde fleire pasienter inne til konsultasjon den dagen gjorde at retten såg ekstra strengt på overtrampet.

– Tilsette i helsevesenet, og legar spesielt, har eit stort ansvar for måten dei utøver yrket. Dei skal ta vare på personar som treng helsehjelp, og det er viktig å halda tilliten til helsevesenet ved lag. Allmennpreventive omsyn gjer seg difor sterkt gjeldande i ei sak som denne, står det i dommen.

Kommunen fatta mistanke

Ifølgje NRK var det kommunen som fatta mistanke tidlegare i vår, då interne rutinar avdekka avvik i medikamenthandteringa ved legesenteret.

– Me melde saka til politiet og varsla fylkeslegen, som igjen varsla Helsetilsynet. No ventar vi tilbakemelding på tilsynssaka, seier rådmannen i den aktuelle kommunen til statskanalen.

Det er ikkje kjent om saka blir anka, men forsvararen til legen seier til NRK at han tykkjer dommen er streng.

Til toppen