EIT STEG ATTENDE, TO STEG FRAM: 2017 var året då Lærdal kommune støytte på utfordringar med å få på plass arvtakarar etter ein pensjonert lege og ein lege som sa opp. Dette førte til budsjettsprekk i kommuneøkonomien. Men helsesjef Arne Johansen ser lyst på 2018 og framtida.

EIT STEG ATTENDE, TO STEG FRAM: 2017 var året då Lærdal kommune støytte på utfordringar med å få på plass arvtakarar etter ein pensjonert lege og ein lege som sa opp. Dette førte til budsjettsprekk i kommuneøkonomien. Men helsesjef Arne Johansen ser lyst på 2018 og framtida. (Bilde: Lærdal kommune)


Legekabal gav budsjettsprekk for kommunen åtte månader ut i året

Elles har kommunen treft bra med budsjettprognosane sine for 2017 

Lærdal: – Dei uventa høge helseutgiftene som vi har hatt er knytte til at vi laut få på plass to nye legar, etter at ein lege sa opp, og ein annan vart sjukemeld, fortel rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal kommune.

I årets andre tertialrapport går det fram at helseutlogene i kommunen så langt i år har vore drygt 2,8 millionar kroner høgare enn det har vore budsjettert med. 

Frå tertialrapporten går det fram at kommunen sine innkomer og utgifter for årets åtte fyrste månader elles stemmer godt med prognosane som vart lagde fram i budsjettet.

– Nytt krav til ålmennpraktiserande legar baud på ekstra utfordringar

Kommunalsjefen for helse og omsorg i Lærdal kommune, Arne Johansen, understrekar at helsebudsjettet er ein stor post på det samla kommunale budsjettet, og at også her har dei som la fram budsjettet for det meste råka blink, bortsett frå dei uventa meirkostnadene knytte til å få på plass nye legar.

– Det er forskjellige omstende som har ført til budsjettsprekken på 2,8 millionar kroner, seier Johansen. 

Han forklarar at det i mars i år frå sentralt hald kom nye krav til ålmennpraktiserande legar. Dei skal no ha gått gjennom ekstra kursing slik at dei offisielt får tittelen «spesialistar innan ålmennmedisin».

Tidlegare var ikkje ålmennpraktiserande lege rekna som ei spesialiserande retning, men det har det vorte no. Dette førte med seg ekstra utfordringar når to nye kommunelegar skulle tilsetjast, for det er rift om dei legane som har gått gjennom den turvande ekstra kursinga og fått denne nye spesialist-tittelen. 

Dimed måtte Lærdal kommune gjennom fleire månader nytte seg av vikarar, og dette gav meirkostnader. 

Når så den tredje legen i kommunen vart sjukemeld, førte dette i seg sjølv til endå større budsjettsprekk, i tillegg til at ein laut finne endå ein vikar til.

– Eit steg attende i år, to steg fram

No har Lærdal kommune derimot lukkast med å få på plass to unge, ålmennpraktiserande legar, og båe har knytt seg til å tenestegjere som kommuneleger for minst fem år. Dei erstattar legen som sa opp i år, og den privatpraktiserande legen som har gått av med pensjon.

Båe har gått gjennom spesialist-etterutdaninga som det no er krav om at ålmennlegane skal ha, og Johansen meiner kommunen har gjort eit skup som har sikra seg desse to legane.

– Dette sikrar oss stabilitet inn i 2018 og frametter, seier Johansen, og legg til: 

– Året 2017 var året vi måtte gå eit steg attende, men no frametter går vi to steg fram. 

Ein annan viktig faktor som bidrog til budsjettsprekken i 2017, er noko Johansen ikkje ser for seg at vil verte ein utleggspost til neste år: Kommunen hyra i år inn konsulentar utanfrå. Konsulentane fekk i oppdrag å gjennomgå internkontroll på ålmennlegetenesta i kommunen. Dei fekk også ansvar for å meisle ut ein strategi for å hjelpe Lærdal til å løfte kvaliteten i ålmennlegetenesta.

No har konsulentane gjort det dei skulle, og fakturert, og denne utgiftsposten vil ikkje kome i neste tertialrapport igjen, kan Johansen fortelje. 

Til toppen