KONFERANSE: Salen var nesten fylt under legekonferansen på laurdag.
KONFERANSE: Salen var nesten fylt under legekonferansen på laurdag. (Foto: Youri van der Werve)

Legekonferanse om helse: –Overbehandling eit stort problem 

Med hovudtema om korleis førebygga kreft blei det heldt ein legekonferanse på Høgskulen i Sogndal. Tor Andre Johannessen var ein av føredragshaldarane og tok for seg overbehandling og media si påverknad.

Sogndal: – Vi har ein tendens til å overbehandle mykje. Det er første og fremst fordi både media og medisinindustrien ønsker å selje, seier Tor Andre Johannessen ein av legane som heldt føredrag under konferansen på Høgskulen i Sogndal.

Salen var nesten fylt på laurdag ettermiddag og kunne høyre på tre legar med mykje nytt om kreft som hovudtema. Johannessen tok for seg media si påverknad behandling av menneske og bruk av medisin.

– Vi har dei siste åra vore utsatt for eit press for å bruke meir medisin enn det som er godt for oss i ganske lang tid.

Blir lokka av det som er nytt og annleis

– Me menneske blir alltid lokka av det som er nytt og annleis. Ein har generelt sett meir tru på det nye enn det som har vore før. Dette blir sjølvsagt utnytta av media og dei som skal sel medisinar. Eg trur at vi kan bli betre på å ikkje blir like mykje påverka av dette og at informasjon er den beste behandlinga.

Johannessen er redaksjonsmedlem i Norsk elektronisk legehåndbok og skriv om mykje det same der. Han skjønner at folk har lyst å vere friske og at dei jobbar for å førebygge mot sjukdommar.

– Det viktigaste ein kan gjere er å vere våken når det er eit eller anna me føler er feil, men at vi ikkje skal leite etter noko. Når ein leiter finner vi også noko, sjølv om det ikkje er det.

Ifølgje Johannessen burde vi slutte å prøve å oppnå noko som er betre enn perfekt.

– Alle skal gjere det betre enn i fjor, men når vi har det perfekt må vi finne på mekanismar for å f til noko som er endå betre. Den kreativiteten kan av og til strekke seg litt for langt. 

Det einaste som vi eigentleg kan gjere ifølgje Johannessen er å følgje dei generelle helseråda. 

– Til sjuande og sist handlar sjukdommar veldig mykje om flaks og uflaks. 

Til toppen