FEM GENERASJONAR: Dette er dei fem forskjellige generasjonane av M3. Rett nok heiter siste utgåva (til høgre) M4, medan det er varianten med fire dører som no blir kalla M3. Foto: Produsenten.
FEM GENERASJONAR: Dette er dei fem forskjellige generasjonane av M3. Rett nok heiter siste utgåva (til høgre) M4, medan det er varianten med fire dører som no blir kalla M3. Foto: Produsenten.

Legendarisk BMW fyller 30 år

BMW M3 blei bygd for å vera med i racing, samtidig som det er ein familiebil. Kombinasjonen har gjeve modellen legendarisk status.

For 30 år sidan skapte BMW ein versjon av 3-serien sin som sidan den gongen har fått legendestatus. M3 var bygd med racing som mål, først og fremst i den tyske serien for standardvogner. Her var kravet at bilmodellen som skulle på banen, også skulle seljast i 5000 eksemplar på eitt år.

– Bokstaven «M» har ein spesiell plass i hjartet til ei rekkje BMW-kundar. M3 er sjølve ikonet på køyreglede, og alle M3-generasjonane har vore med på å definera merkevara BMW gjennom dei siste 30 åra, seier Marius Tegneby, kommunikasjonsdirektør hos den norske BMW-importøren.

Motorsportavdelinga, forgjengaren til M-avdelinga til BMW, gjekk laus på den eksisterande 3-serien og kom med ei rekkje oppgraderingar. Store delar av karosseriet blei bygd om for å gjera han racingklar. Fronten blei laga i plast for å spara vekt, og hjulbuane blei utbygde for å gjera plass til ekstra breie dekk. Samtidig fekk C-stolpen, den bakarste, ei ny form slik at lufta blei leidd mot den store spoileren på hekken.

Høge turtal

Dei gjorde om geometrien i demparane og fjøringane, endra bremsesystemet og utstyrte M3 med ein sportsgirkasse der det første giret var ned og til venstre.

Motoren var i utgangspunktet på to liter med fire sylindrar, lik den som var i massemodellane. Ein lett motor som tolte høge turtal. For å få han til å bli ein racingmotor blei han bora opp til 2,3 liter og konstruert for å tola 10.000 omdreiingar i minuttet, medan masseproduksjonsutgåva gjekk til 6.750.

Artikkelen held fram under biletet.

RACING: Den første utgåva er den som ligg tettast opp mot bilane som blei brukte i baneløp.
RACING: Den første utgåva er den som ligg tettast opp mot bilane som blei brukte i baneløp.

Dp den første BMW M3 rulla ut av fabrikken i 1986, hadde han 200 hestekrefter og vog 1,2 tonn. Null til hundre tok 6,7 sekund, og toppfarten var 235 kilometer i timen.

Planen var å laga dei 5000 som racingreglane rådde til, men då han gjekk ut av produksjon i 1992 hadde BMW selt rundt 16.000 M3. Undervegs kom han i spesialversjonar, noko som også skulle bli ein standard dei neste generasjonane. M3 Evo kom med 220 hestekrefter, og i Sport Evolution auka motorvolumet til 2,5 liter og hestekreftene til 238. Sistnemnde blei laga i 600 eksemplar.

Ein vinnar

M3 vann den tyske racingserien for standardbilar i 1987 og gjorde stor suksess i ei rekkje andre tilsvarande meisterskap.

I 1992 flytta BMW seg bort frå den originale ideen, for andre generasjon var ikkje utvikla spesielt med motorsport i tankane. Han hadde då heller ikkje eit ytre med like synlege racingeffektar som den første.

Artikkelen held fram under biletet.

ENKELT: Interiøret i den første generasjonen er tidstypisk. Girkassen var elles ein såkalla «dogleg», der førstegir er ned til venstre.
ENKELT: Interiøret i den første generasjonen er tidstypisk. Girkassen var elles ein såkalla «dogleg», der førstegir er ned til venstre.

Under panseret var det no ein sekssylindra motor på tre liter med 286 hestekrefter. Ingen andre motorar på denne tida, utan turbo, henta ut så mange hestekrefter per liter motorvolum. Effekten og volumet auka til 321 og 3,2 liter i 1995, då fekk han også ein facelift. I 1996 blei M3 den første serieproduserte bilen som fekk SMG-gir, ein automatisert manuell girkasse.

Produksjonsvolumet steig med denne generasjonen, det skal ha blitt selt vel 70.000 slike bilar.

V8

Ved millenniumskiftet kom M3s tredje generasjon. Han skulle bli ein endå større salssuksess, med 85.000 bilar over sju år. Han fekk ein nyutvikla motor, med seks sylinder, på 3,2 liter som baud på 343 hestekrefter. Utvendig hadde han utbygde hjulbuar, og panseret hadde det dei kalla ein «powerdome», som ein også finn på dei nyaste utgåvene.

Fjerde generasjon valde bort rekkjeseksaren til fordel for ein V8-motor på 420 hestekrefter. Altså meir enn dobbel effekt av det den første kom med vel 20 år tidlegare. Han var framleis utan turbo, og for å spara vekt var taket i karbonforsterka aluminium, det same var fleire andre karosserideler. Han vog 1.655 kilo.

– Det sportslege som ein M3 strålar ut, har smitta over på designet til eigne «M Sport» eksteriør- og interiørpakkar som ein til dømes får til ein vanleg 3-serie. Det er eit designuttrykk svært mange av kundane våre ønskjer på bilen sin, seier Tegneby.

Avgiftsendring

Den noverande M3 kom i 2014, og her blir namngjevinga noko annleis. M3 står no for versjonen med fire dører, medan M4 er coupé- og kabriolet-variantane med to dører.

Under panseret skjer det uvanlege ting med tanke på den historiske utviklinga til M3. For volumet og talet på sylindrar fell. No er han tilbake med seks sylindrar og eit motorvolum på tre liter, medan effekten har auka til 431 hestekrefter. Det mest spesielle er likevel at motoren no er turboladd for første gong i ein M3. Endå meir utstrekt bruk av komposittmaterial gjer den 80 kilo lettare enn utgåva før.

Artikkelen held fram under biletet.

JUBILEUMSUTGÅVE: 30 Jahre M3 blei laga for å markera jubileet. Med same lakk-kombinasjon som den aller første utgåva. Femte generasjon kom i 2014 og var den første M3 med turbo.
JUBILEUMSUTGÅVE: 30 Jahre M3 blei laga for å markera jubileet. Med same lakk-kombinasjon som den aller første utgåva. Femte generasjon kom i 2014 og var den første M3 med turbo.

For 30-årsjubileet til feiremodellen lanserte BMW i sommar ein «30 Jahre M3» i 500 eksemplar, som mellom anna kjem i same lakkombinasjon som den aller første M3-utgåva.

– Så langt i år er det selt 17 BMW M3 og sju BMW M4 i Noreg. Vi er utselde for spesialutgåva «M3 30 Jahre», seier Tegneby.

Han seier salsutviklinga har vore svært positiv i Noreg dei siste åra.

– Det store skiljet kom med avgiftsendringa i 2014. Mindre avgift på hestekrefter og vekt har opna døra for mange nye kundar.

Kor mange M3 som totalt har blitt selde i Noreg, har han ikkje oversikt over. (©NPK)

Til toppen