VEGKONFERANSE: Veginteresserte frå heile Vestlandet er samla i Førde torsdag for å diskutere vegsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VEGKONFERANSE: Veginteresserte frå heile Vestlandet er samla i Førde torsdag for å diskutere vegsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Legg eit rekordstort press på samferdslemidlane

Forkjemparar for riksveg 52 og E39 er torsdag samla i hopetal i Førde.

Førde: Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet? Det er spørsmålet. I Førde sit dei fleste med svaret, eller iallfall kva dei ønskjer skal vere svaret, på spørsmålet om kva som skal vere hovudveg mellom Austlandet og Vestlandet i tillegg til E134.

Sistnemnte er allereie valt ut som ein av to hovudvegar, men det måtte ei grundigare utgreiing til før regjeringa ville bestemme seg for hovudåre nummer to.

Torsdag var forjemparar for riksveg 52 Hemsedalsfjellet og ikkje minst E39 på plass i Førde for å få fram sine synspunkt til mellom anna leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H).

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ PLASS: Leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H), var på plass for å lytte til innspel og svare på spørsmål.
PÅ PLASS: Leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H), var på plass for å lytte til innspel og svare på spørsmål.

– Det er kjekt å sjå at så mange er samla. Me legg no eit rekordstort press på samferdslemidlane, der me er redde for at vegmidlar vert flytta til dei store byane. Kampen om kronene er større enn nokon gong. Difor er det viktig å byggje alliansar og stå saman på tvers av fylke, parti, organisasjonar og bedrifter, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp). 

Heilt sidan januar i år har Statens vegvesen jobba med ei konseptvalutgreiing for strekninga mellom Gol og Voss, og 1. september vert denne overlevert til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og regjeringa.

– Det er E39, riksveg 5 og riksveg 52 som tener oss best, den store befolkninga på Vestlandet, frå Stavanger til Ålesund. Det er valet av riksveg 52 og E134 me må vinne fram med til sentrale politikarar, held Følling fram. 

– Meiner me alvor med regionreforma, må det byggast infrastruktur som bind oss saman. 

I tillegg til Nikolai Astrup skal mellom anna fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), tale. Det skal også senioringeniør i Statens vegvesen, Kjell Kvåle, Geir Mo i Norges Lastebileierforbund og Arvid Andenæs. 

Til toppen