Indre Sogn: Fylkestinget vedtok 15. juni ein ny klinikk- og tenestestruktur for den offentlege tannhelsetenesta. Målet er ein framtidsretta klinikkstruktur som tilbyr innbyggjarane stabile tenester av høg fagleg kvalitet.
Det er tannklinikkane i Naustdal, Vassenden, Sande, Svelgen, Dale, Selje, Balestrand, Leikanger, Innvik og Hornindal vert avvikla.
Arbeidet med ein ny klinikk - og tenestestruktur er ikkje berre ein konsekvens av økonomiske innsparingskrav.
Dette er eit nødvendig utviklingstiltak for å møte framtida sine behov for tannhelsetenester, vert det sagt.
Hovudgrunnen for å redusere tal klinikkar, er å skape større fagmiljø som i neste omgang vil betre tenestene. Dei fleste fylkeskommunar reduserer no talet på tannklinikkar gjennom eigne strukturplanprosessar.
Samstundes vart det vedteke at Førde, Askvoll og Høyanger tannklinikkar vert utvida for å kunne tilby tenester til fleire innbyggjarar.
Florø, Stryn og Vågsøy tannklinikkar vert oppgraderte for å svare til moderne kvalitetskrav.