Hemsedalsfjellet: Har du tenkt deg austover denne veka og skal køyre Hemsedalsfjellet, kan det vere greitt å vite at det pågår vegarbeid her fram til helga.
Statens vegvesen opplyser i sine trafikkmeldingar at det vert jobba med å legge nytt dekke på riksveg 52.
Dette skjer mellom 07.00 og 19.00 frå og med onsdag til fredag.
Elles er det greitt å hugse på at det pågår fjell- og issikring på fylkesveg 53 Tyin-Årdal. Her blir vegen opna kvar heile time. Arbeidet føregår i Jåteli.