UT PÅ HØYRING: Formannskapet i Årdal vedtok tysdag å leggja detaljreguleringsplanen for Hydroparken ut på høyring. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UT PÅ HØYRING: Formannskapet i Årdal vedtok tysdag å leggja detaljreguleringsplanen for Hydroparken ut på høyring. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Legg planane for Hydroparken ut på høyring

Folket skal få seia sitt om Hydroparken.

Årdal: Formannskapet i Årdal vedtok tysdag å leggja reguleringsplanen for Hydroparken ut på høyring i seks veker. Det var også Senterpartiet med på.

– Arbeidarpartiet vil stemma for. Som det går fram av reguleringsplanen frå 1996 er området regulert som eit parkbelte i eit industriområde, som Hydro eig. Ap er av den formeining at me ønskjer å bruka tida framfor oss til å leggja ho ut på brei høyring og få ein open prosess der me inviterer breitt og folk kan koma med innspel til planen. 

– Ap føreset at kjem fram konkretisert erstatningsareal. Handelsbygg har kome med tilbod på avbøtande tiltak til born og unge. Det kan vera tiltak som heva kvaliteten og bruksintensiteten på grøntområde i sentrum, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

Ho meiner at basert på innspela kan dei folkevalde ta ei meir presis vurdering i saka. 

– Det er ikkje slik at Arbeidarpartiet i dag forskutterer eit kommunestyrevedtak. 

Vil ikkje ha kjøpesenter

Sandra Opheim og Miljøpartiet Dei Grøne sa på si side klart nei til næringsaktivitet i Hydroparken og ville heller ikkje gå med på å leggja planen ut for høyring.

– Me vil ikkje ha eit kjøpesenter her. Hydroparken er den einaste parken me har i Øvre Årdal og er mykje brukt av born og unge. Og dette området, som innbyr til frileik nær sentrum, kan ikkje erstattast fordi sentrum i Øvre er så fortetta. Det seier ganske mykje når saksutgreiinga løftar fram hagane til folk som viktig grøn struktur. Det seier noko om at me manglar grøn struktur, sa Opheim.

Ho la vekt på at helse og tilgang på grøne område høyrer godt saman og viste til ein folkehelseprofil i Årdal som talar i negativ retning samanlikna med resten av fylket. 

Vert lagt ut på høyring

Thomas Norheim Moen (Sp) peikte på at det ikkje var sjølve omreguleringa formannskapet skulle ta stilling til i dag, men om saka skulle leggjast ut for høyring.

– Eg vil også kommentere at eg saknar ei vurdering av andre lokasjonar i saksutgreiinga, sa han. 

Då det skulle røystast, var det berre Opheim som røysta imot. Resten sa ja til at planen skal liggja ute på høyring i seks veker. 

Til toppen