STORE PLANAR: Styreleiar i Lærdal Grønt, Rikard Lysne (f.h.), dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal, styringsgruppeleiar Iver Petter Grøtte, prosjektleiar Helene Maristuen og medlem av styringsgruppa og Lærdal Grønt-styret, Kari Sigrun Lysne, syner fram korleis arkitektkontoret Cubus har teikna bygningen som kan husa opplegget dei skisserer i forprosjektet - utan at det er sikkert det vil bli sjåande slik ut. Foto: Ole Ramshus Sælthun
STORE PLANAR: Styreleiar i Lærdal Grønt, Rikard Lysne (f.h.), dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal, styringsgruppeleiar Iver Petter Grøtte, prosjektleiar Helene Maristuen og medlem av styringsgruppa og Lærdal Grønt-styret, Kari Sigrun Lysne, syner fram korleis arkitektkontoret Cubus har teikna bygningen som kan husa opplegget dei skisserer i forprosjektet - utan at det er sikkert det vil bli sjåande slik ut. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Legg planar for storsatsing på landbruk, mat og reiseliv

Ei kopling av matproduksjonen i Lærdal og Sogn med utsal, servering og distribusjon på eine sida og eit turismeretta inspirasjonssenter på andre sida - det trur aktørane som står bak planane kan bli starten på noko stort i Håbakken.

Lærdal: - Det heilt kritiske er å koma over  første kneika utan å mista pusten. Kjem ein i gang er det opplagt at det vil skje interessante ting her, seier Ivar Petter Grøtte. 

Han har vore leiar for styringsgruppa som har jobba med planar for eit opplegg på Håbakken med lokalmat som hovudingrediens. No har gruppa utarbeidd ein forprosjektrapport som seier noko om kva dette konkret kan bli.

- Me treng å ha ein plass der me viser fram dei aller beste produkta frå og breidda i landbruket, seier Grøtte.

- Ved å vera plassert på Håbakken treff ein mykje folk

Konkret betyr det å flytta Lærdal Grønt si verksemd med FK-butikken opp frå Grandane til Håbakken og laga til utsal og servering av råvarene som kjem inn til Lærdal Grønt kombinert med annan lokalmat og matspesialitetar produsert i Sogn.

Dette skal igjen fungera som eit nav for distribusjon av regional, småskala mat, og dei ser føre seg å knyta ein kunnskapsbase til det heile.

Slik sett består heilskapen dei ser føre seg i Håbakken av fire deler:

Del 1: Lærdal Grønt: Fellesfunksjonar og FK-butikken (alt Lærdal Grønt driv med i dag. Gulrotpakkeriet skal liggja på Raa, som før)

Del 2: Smak av Sogn: Utsal, servering og profilering av frukt, bær, grønsaker, kjøt, fiskle, lokalt øl og bakevarer

Del 3: Eit nav for sal og distribusjon av regional, småskala mat

Del 4: Kunnskap om lokalmat og matproduksjon, det vil seia mellom anna kunnskap om kopling mellom lokalmat og reiseliv og produktutvikling

- Ved å vera plassert på Håbakken treff me mykje folk og får presentert varene til mange. Og det er eit behov for å få presentert matvarer frå heile Sogn på ein slik måte. Me har også oppretta kontakt mot butikkar i Sogn og Fjordane med tanke på distribusjon, fortel styreleiar i Lærdal Grønt, Rikard Lysne.

Det har vore ei av utfordringane for Lærdal Grønt; dei har stått for sortering, pakking, produktutvikling og marknadsføring av bær og grønsaker produserte av landbruket. Og distribusjonen har går via Bama til heile landet, men det har vore uråd å få etablert direkte distribusjonslinjer til lokale og regionale kundar.

- Med ei slik kopling av fleire element på Håbakken vil me mykje lettare kunne få til dette, seier dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal.

- Ta til dømes moreller - om nokon har kjøpt ei kasse moreller direkte frå bonden kjem vedkomande alltid att. Det som blir produsert er ferskvare, og det er eigentleg snakk om å "læra opp" forbrukarane til kva som faktisk smakar aller best, seier Grøtte.

Kan ha store ringverknader

Eit hovudpoeng i rapporten er å seia noko om kva potensiale utviklinga av eit slikt opplegg kan ha. Der står trafikktal sentralt. Dei viser at meir enn 10 000 personar passerer Håbakken kvar dag i høgsesongen.

Vidare tilseier røffe berekningar at det finst har ein marknad med om lag 1,3 millionar turistar og andre gjennomreisande til saman å spela på. I tillegg har er det hytter som om lag 30 000 personar brukar i kringliggjande kommunar. Og nesten like mange bur i Sogn.

- Når nokon driv med slik næringsutvikling jobbar dei gjerne med å få trafikkstraumar dit dei vil. Her snakkar me om å berre kunne plukka ein liten del av den trafikkstraumen som allereie er der, forklarar Grøtte.

Som igjen vil kunne skapa vekst for Lærdal Grønt og andre verksemder som etablerer seg i ei slik "klyngje" - daglegvarehandel, serverringsstad, turismeretta inspirasjonssenter og ein form for kunnskapssenter.

Som igjen vil kunne skapa vekst i landbruket i Lærdal - og Sogn. Som igjen vil skapa grunnlag for å kunne testa ut og produsera nye produkt - til dømes aprikos eller ei nysatsing på jordbær - der eit kunnskapssenter vil vera ei viktig brikke. Som igjen vil føra til at landbruksnæringa kjøper meir driftsmiddel frå FK-butikken.

Ringverknader, med andre ord.

Inspirasjonssenter for å slusa turistane rundt lokalt

- Eit inspirasjonssenter retta mot turismen er viktig for å kunne slusa turistane rundt lokalt i staden for at dei reiser vidare, påpeikar Grøtte.

For å seia det enkelt; dei vil få turistar til å stoppa i Håbakken med eit innbydande matkonsept, gripa tak i dei med eit samlokalisert inspirasjonssenter og nytta kunnskapen her til å få turistane til å nytta lokale aktivitetar og severdigheiter i staden for at dei stikk av til Bergen eller einkvan annan stad langt unna.

- Aktivitetsturismen veks og det kan me dra vekslar på ved kryssmarknadsføring der reiseliv og mat blir blanda. Det kan vera snakk om besøk på ein gard eller kopla turistane på andre aktivitetar. Visit Sognefjord har vist interesse for å få til eit slikt inspirasjonssenter, seir Grøtte.

Gruppa har også vore på studieturar både i innland og utland for å sjå på erfaringar dei kan henta idear frå. Prosjektleiar Helene Maristuen fortel at mellom anna Oppdal Smak & Behag og Matfatet i Ringsaker er to modellar som  har mykje av det dei ser på. Også Vinschger Bauernladen i Sør-Tirol i Italia har eit innbydande opplegg dei meiner ville fungera i Håbakken.

Oppstart i 2019, om alt går på skinner

Etter berekningane som er gjort i forprosjektet er det snakk om rundt 15 arbeidsplassar ved etablering - då er det om lag 10 av desse arbeidsplassar som alt eksisterer i dag, til dømes i Lærdal Grønt - men at dei så vil kunne veksa med om lag fire arbeidsplassar årleg dei første åra.

- Poenget er at fleire verksemder skal følgja med; det er ein føresetnad at dette blir meir enn ein sak. Målet at alle som er med på dette skal koma betre ut. Me har nokre interessentar allereie, seier Grøtte.

For å få til ei slik satsing må dei ha trafikk, det er heile premisset.

- Difor er Håbakken avgjerande, seier Grøtte.

Og difor ventar dei på at reguleringsplanen for Håbakken 1 - det austre området på Håbakken - skal bli handsama av politikarane. Denne har vore utsett i fleire omgangar, vona no er at den blir banka i kommunestyret før sommaren.

- Politisk handsaming vil vel tidlegast kunne skje i juni. Då kan me tidlegast byrja å gjera vedtak for desse planane til hausten. Om alt går på skinner kan me snakka om oppstart tidleg i 2019. Om det ikkje går på skinner er neste moglegheit 2020, seier Grøtte.

- Elles er ikkje finansieringa heilt på plass, ei god avkøyrsle i Håbakken er også viktig, seier Lysne.

- Det vil vera snakk om midlar Lærdal Grønt investerer, banklån og regionale og statlege midlar. Ikkje noko hokus pokus, legg Blaaflat Mundal til.

- Alt eller ingenting

Ein annan vinst ved å flytta Lærdal Grønt til Håbakken er kortare reiseveg frå produsentane til vidareforedling. No blir 89 prosent av potetene og 79 prosent av morellene i Lærdal produsert aust for Håbakken, som altså ligg aust for Lærdalsøyri, der Lærdal Grønt ligg i dag.

- Innspart transport ved flytting til Håbakken tilsvarar totalt på eitt år ein køyretur med traktor og hengar frå Lærdal til Sicilia berre for tidlegpotetene, forklarar Grøtte.

Ingenting er avgjort enno, og første milepælen er at reguleringsplanen for Håbakken 1 kjem i orden om ikkje veldig lenge. Så håpar Lærdal Grønt og samarbeidspartnerane å kunne ta ei konkret avgjersle på om dei gjer denne satsinga eller ikkje i løpet av hausten.

- Det er eigentleg alt eller ingenting. Men me må gjera eit skikkeleg forsøk. Gjer me ikkje det, veit me at det ikkje blir. Dette, med utgangspunkt i mat og plassering som knutepunkt, er noko Lærdal heilt naturleg kan ta ansvar for. Og det vil kunne fungera som ein port for å slusa trafikk vidare ut i Sogn, seier Grøtte.

Til toppen