SPLITTER NYTT: Seniorgruppa i Jotun legg i desse tider siste hand på verket. Ballbingen ved ungdomsskulen i Øvre Årdal har fått splitter nytt kunstgras og ei sårt trengt rehabilitering. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SPLITTER NYTT: Seniorgruppa i Jotun legg i desse tider siste hand på verket. Ballbingen ved ungdomsskulen i Øvre Årdal har fått splitter nytt kunstgras og ei sårt trengt rehabilitering. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Legg splitter nytt kunstgras i ballbingen

Med god hjelp frå seniorgruppa i Jotun er ballbingen ved ungdomsskulen i Øvre Årdal snart god som ny.

Ballbingen hadde absolutt behov for ei rehabilitering, og når seniorgruppa no legg siste hand på verket, er ikkje ballbingen til å kjenna igjen.

Splitter nytt kunstgras, nye basketkorger, nye nett i måla og nymåla veggar. Dette håpar dei skal gjera sitt til at born og unge held seg i aktivitet både i skuletida og fritida.

GIR TILBAKE: Odd Øvregard seier det er artig å gje litt tilbake.
GIR TILBAKE: Odd Øvregard seier det er artig å gje litt tilbake.

– Me vart spurt av Arne Hovland og kommunen, og då er me med. Me tykkjer det er artig å gje litt tilbake. Me har hatt ein flott oppvekst i Årdal, og no er det ungane som skal det tilbodet. Det skulle berre mangla, seier Odd Øvregard. 

Kommunen betalar halve summen

Prislappen på rehabiliteringa er på 124.000 kroner.

– Ut frå dette får me 50 prosent i tippemidlar, så det blir ikkje så mykje på kommunen, og så går jo ein del av arbeidet på dugnad, fortel Arne Hovland, idrettskonsulent i Årdal kommune.

LES OGSÅ: Nærmar seg opning av ballbinge

– Dette er eit samarbeid med fylket. Det er veldig mange ballbingar i Sogn og Fjordane ein må skifta dekke på. Totalt skal over 20 ballbingar fiksast. I og med at fylkeskommunen og idrettskrinsen har dette som mål, kan me få ned prisen på leveringa fordi det blir ei felles levering som ei felles pakka, forklarar han.

Uorganisert idrett

HEILT NYTT: Sist dekke vart skifta, var det med det gamle kunstgraset på stadion. No er graset splitter nytt.
HEILT NYTT: Sist dekke vart skifta, var det med det gamle kunstgraset på stadion. No er graset splitter nytt.

Graset som låg i bingen frå før var det gamle kunstgraset på Jotun krøllgras, som vart lagt då graset på fotballbana vart skifta ut. Med andre ord var slitasjen veldig stor.

– Det er klart at det er ein prioritet at ungane har tilgang på gode fasilitetar, ikkje minst på uorganisert, eller sjølvorganisert som er kallar det, trening. At dei som ikkje er organisert, kan reisa hit når dei vil og trena, seier Hovland.

– Me ser at det utviklar ungane både det å få spela på små flater og ikkje minst er det sosialt utan at ein kjem inn i eit system der ein spelar kampar og slike ting. 

For gamle

Blant dei som bidreg i arbeidet er Sigmund Øren, som har 504 kampar for Jotun. Han spelar framleis fotball aktivt, men det spørs om det blir ein liten internkamp mellom seniorane når arbeidet er ferda, seier han.

– Desse er så gamle at dei kan ikkje vera med og spela fotball, flirer han. 

Også han ser kor viktig det er å ha eit slikt tilbod i nærmiljøet.

– Ungane er her utanfor skuletida også, så det er betre at dei driv på her nede og er aktive i staden for å gå gatelangs, seier han.

Til toppen