Aurland: – Dette er for så vidt enkelt; no er det mange leilegheitsprosjekt på gang i dette området, så difor meiner me behovet for einebustader er størst, seier Johannes Dalsbotten (H), leiar i prosjekt- drifts- og eigedomsutvalet.
Blant anna planlegg Turlid eigedom bygging av fire leilegheiter på Fretheimshaugane, og Per Olav Bøe vil byggja sju terrasseleilegheiter i dette området.
– I tillegg er det eit bratt og utfordrande terreng å laga tomter for større einingar i, så slik sett kan det vera betre eigna for einebustader, held Dalsbotten fram.
Tre tomter til rekkehus/tomannsbustader
I førre veke var saka om val av tomteinndeling ved utviding av Fretheimshaugane bustadfelt oppe i utvalet, og vedtaket vart samrøystes at utvidinga av Fretheimshaugane vert bygd ut med åtte einebustadtomter og tre tomter for rekkehus/tomannsbustader.
Vidare at rådmannen utarbeider utkast til utbyggingsavtale for utviding av bustadfeltet.
– I utgangspunktet såg ein vel føre seg seks bueiningar med leilegheiter, men først og fremst fordi me meiner det er behovet for einebustader som er størst i marknaden, legg me hovudvekt på det, seier Dalsbotten.