INVESTERING: IL Jotun Fotball har investert mykje pengar i dei 8 banene. FOTO: Andreas Aannevik
INVESTERING: IL Jotun Fotball har investert mykje pengar i dei 8 banene. FOTO: Andreas Aannevik

Legg til rette for speleglede hjå dei unge

Den 18. juni går sommarcup 3v3 av stabelen på kunstgraset i Øvre Årdal. Navnet 3v3 tyder at det er kun tre personar på kvart lag som spelar mot kvarandre. Dette er ei nyare form for turnering der kun seks spelarar er på bana om gongen. Små baner med netting rundt, hindrar at ballen går ut av spel under kampane.

Jotun Fotball er den fyrste som arrangerer ei slik turnering i fylket. Cupen har ein kapasitet på 220 lag. For å kunne arrangere cupen, har Jotun Fotball investert mykje pengar i 8 baner.

Fokus på speleglede

Bjørge Kilen er ein av eldsjelene  bak turneringa. Han fortel at turneringa handlar fyrst og fremst om speleglede, og at alle som deltek skal få røre ballen mest mogleg.

TESTA BANA: Ivrige juniorspelarar testa ei av dei nye banene laurdag føremiddag.
TESTA BANA: Ivrige juniorspelarar testa ei av dei nye banene laurdag føremiddag.

– Som trenar for eit ungt lag er det utfordrande å få inkludert alle spelarane når ferdigheitane er ulike i laget. Det er svært viktig at alle får prøve seg på å score mål og vere i kontakt med ballen. 

– Formålet med denne turneringa er at alle skal vere borti ballen mest mogleg. Når ein spelar tre mot tre er er det ingen som klarar å gøyme seg vekk. Med ein gong det kjem fleire på bana, er det alltid nokon som dett ut. Eg har tru på at turneringa får fram fotballgleda i dei unge spelarane.

Ein treng ikkje vere medlem av eit idrettslag for å delta på turneringa, kven som helst i alderen 6-12 år kan delta. 
 

Positivt for bygda

Arrangørane har tru på at dette bidreg positivt til bygda i høve fotballglede. Ved større arrangement aukar også ofte omsetninga til dei næringsdrivande.

I samband med turneringa opnar friluftsbadet samme helg. Spelarane kan kombinere fotball, med bading i pausane. 

Arrangøren Jotun fotball håpar på ei kjekk helg fylt med fotballglede hjå spelarar og publikum. 

 

Til toppen