Årdal: Onsdag slo nyheita ned som ei bombe i Årdal. Hydro har bestemt seg for å stenga ned produksjonen ved aluminaraffineriet Alunorte i Brasil, det største i verda. Det gjer at norske smelteverk kan gå tom for råstoff om få månader.
Råstoffkrisa i Brasil
- Alunorte er verdas største aluminaraffineri, og er nesten fulleigd av Hydro.
- Alumina, eller aluminiumoksid, er eit viktig råstoff i framstillinga av alumiminium.
- Hydro har sidan februar i år vore i konflikt med miljøstyresmaktene i Brasil. Dei påstår at utslepp frå deponia til raffineriet skal ha forureina drikkevatn i samband med ein stor flaum i regionen.
- Hydro viser til undersøkingar som dei meiner stadfester at det ikkje har vore slike skadelege utslepp.
- Sidan mars i år har Alunorte produsert for halv maskin, etter pålegg frå brasilianske styresmakter.
- Onsdag 3. oktober annonserte Hydro at dei er i ferd med å setta i verk full nedstenging av produksjonen ved Alunorte.
- Årsaka er mellom anna at Hydro ikkje har fått løyve til å bruka eit nytt deponi for bauksittrestar, medan det gamle er i ferd med å bli fullt.
– Viss dette blir ein langvarig situasjon, så vil det råka dei norske verka. Det er dèt me fryktar. Me prøver å ikkje krisemaksimera, slik at me ikkje gjer situasjonen verre enn han er. Men det er alvorleg, seier Andreas Bakken, leiar i Årdal Kjemiske Fagforening.
På føremiddagen hadde leiinga ved metallverket i Årdal kalla inn dei tillitsvalde for å orientera om situasjonen.
– Dette kom like brått på alle oss, seier han.
Fagforeiningsleiar: – Kom brått på
På møtet informerte leiinga at verket i Årdal har nok av råstoffet aluminiumoksid, eller alumina, til å halda hjula i gang ei stund framover. Akkurat kor lenge lageret rekk er Hydro i ferd med å kartlegga.
Samstundes jobbar dei på spreng for å sikra nye forsyningar, i tillegg til at dei forsøker å få løyst floka i Brasil.
– Uroa er me sjølvsagt, det har me all grunn til å vera, seier Bakken.
Etterspurnaden etter alumina har vore sprengt sidan Hydro i mars vart pålagd av styresmaktene i Brasil til å køyra raffineriet Alunorte på halv maskin.
Det store spørsmålet no, etter den varsla nedstenginga, er korleis Hydro skal greia å kjøpa råstoff i ein allereie pressa marknad. For det første blir det dyrt. For det andre er marknaden allereie bundne opp i langsiktige avtalar.

– Det er mange ting som spelar inn. Det var difor Hydro kjøpte opp Alunorte, fordi dei skulle ha kontroll på råstoffleveransen frå a til å, seier Bakken.
Skal informera dei tilsette
– Me likar det ikkje. Det skapar usikkerheit, seier ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) i Årdal.
I 13-tida ventar ordføraren framleis på å få ei orientering frå Hydro. Tidlegare på dagen prøvde han å få ein prat med fabrikksjef Wenche Eldegaard, men ho hadde gått i eit møte.
Førebels veit ikkje ordføraren meir enn det han har kunna lesa seg til i pressa.
– Me får berre vente å sjå, men eg reknar med at det ordnar seg, seier Lægreid.
Tillitsvald Bakken tykkjer det er trasig å ha hamna i ei floke dei ikkje kan påverka sjølve.
– Det er mykje me kan gjera på drifta, men dersom me ikkje har råstoff til å laga aluminium vil det få konsekvensar. Blir det snakk om å kopla ut omnar eller produksjonslinjer, så er det direkte tap. Det er snakk om millionbeløp, seier Bakken.