Årdal / Hyllestad: Under kommunestyret i Hyllestad torsdag vart det bestemt at Gunn Lerøy vert tilsett som ny rådmann i Hyllestad kommune.
Ho startar i jobben frå 1.januar 2019.
Lerøy starta i juni som prosjektleiar for den utvida satsinga for interkommunalt samarbeid mellom Årdal, Lærdal og Aurland kommunar,
Under eit intervju med Porten.no sa ho følgjande:
– Eg synst det er kjempespanande, seier Gunn Lerøy, som det neste året skal vera leia eit prosjekt med mål om å utvida samarbeidet mellom dei tre kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.
Lerøy har jobba 12 år i Årdal kommune til 2004, då ho gjekk over til KS og jobba der i fem år. Ho var mottaksleiar for Hero i Årdal før ho i 2016 flytta til Stockholm for å jobba med mottaka der.