RAUDT KJØT ER IKKJE SYNDAREN: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, meiner at raudt kjøt ikkje er kan skuldast i miljøutfordringane i dette lesarinnlegget.
RAUDT KJØT ER IKKJE SYNDAREN: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, meiner at raudt kjøt ikkje er kan skuldast i miljøutfordringane i dette lesarinnlegget. (Foto: Sogn og Fjordane Bondelag)

MEININGAR

Leiar i bondelaget: – Argumentet for at kutt i kjøtforbruk vil redda miljøet er skivebom

Det skriv Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag i dette lesarinnlegget.

– Kan me eta oss ut av miljøproblema?

Nei, sjølvsagt kan me ikkje det. Nokre ser likevel ut til å tru det, og dei får etter kvart meir og meir spalteplass. Veganarar og andre som droppar kjøt er heilt greitt, me har ingenting imot dei, men når dei dreg klima-argumentet er det all grunn til å setja dei på plass.

Veganarane må ete kva dei vil for oss bønder, men kom ikkje med argumentet om at ein vil kutte kjøtet for å berga jorda frå miljøproblema. Me kan eta både kjøt og raudt kjøt som i dag, og likevel berge klima.

Drøvtyggjaren 

Ja, drøvtyggaren rapar metan, ein klimagass som ikkje er bra. Ja, drøvtyggaren ét mykje gras gjennom beiting og vinterfôr som binder CO2. Det er med andre ord både ei plusside og ei minusside i miljørekneskapen.

Forskinga viser langt større binding av CO2 i vekstar som blir beita i fjellet enn i busker og kratt som tek over i områder der beitedyra har flytta ut. Beitinga legg også til rette for eit stort biologisk mangfald.

Det fantastiske med drøvtyggarane er at dei forvandlar grønt gras til feitt og protein som me menneske treng. Det å i heile det teke nemne raudt kjøt i same andedrag som fossilt drivstoff, viser at ein ikkje forstår grunnen til miljøproblema me står ovanfor.

Folk må endra vanar og forbruk dersom me skal klare å gjera noko med miljøutfordringane

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag

Med klimagode kyr og sauer som vinnarar i framtidig avlsprogram, med riktig og klimagodt kraftfôr og grovfôr så skal landbruket få utsleppa ned i tida framover. Me veit også at 70% av kjøttet frå storfe kjem frå mjølkebesetningane, som i tillegg til kjøtet produserer mengder av verdas beste mjølk. Når husdyrgjødsla i framtida òg produserer «grønt» drivstoff så kan du halda fram å ete kjøttdeig og biff med det beste samvit.

Må kutta i bruken av fossile drivstoff 

Mange sleng rundt seg med kutt i kjøtforbruk som det store grepet me som enkeltpersonar kan gjera i forhold til miljøutfordringane, men dette er skivebom.

Det betyr at det er betre å eta raudt kjøt frå Breim, enn avokado frå Chile.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

For det første må vi kutte i bruken av fossile drivstoff. Overgang til elbil, kutt i flyreiser og kutt i fossile kjelder til energiproduksjon er grepa som monner. Kanskje må vi nøye oss med å sjå bilder frå Thailand i framtida framfor å reisa dit, dersom me ynskjer å kutta i utsleppa.

Når det gjeld mat bør me kutte mest mogeleg i transporten av mat på verdshava. Det betyr at det er betre å eta raudt kjøt frå Breim, enn avokado frå Chile. Men sjølvsagt skal me auke forbruket av norsk frukt, bær og grønt. Det er bra for helsa, bra for klima og bra for verdiskapinga innaskjærs.

Må redusera matsvinn 

Kasting av mat er også noko som er negativt for klima, og her har både matkjedar, matindustri og folk flest ein jobb å gjere for å bidra til eit betre klima. Dersom folk flest i tillegg greier å kutta i det materielle forbruket, så vil mykje vera gjort.

Folk flest må endre både vanar og forbruket dersom me skal klare å gjera noko med miljøutfordringane, men akkurat det raude kjøttet kan eit framleis eta med godt miljøsamvit.

Til toppen