Jannike Orrestad Andersen
Jannike Orrestad Andersen (Bilde: Øyvind Nondal)

Leiar trekkjer seg etter bråket rundt kapteinen

I ei pressemelding torsdag kveld orsakar styret i Kaupanger fotball måten dei har behandla kapteinen sin Jannike Orrestad Andersen.

Kaupanger: Det vekte oppsikt då Andersen tidlegare i desember fekk treningsnekt og vart kalla inn på teppet etter eit tilsynelatande uskuldig intervju i Sogn Avis.

Orsakinga kjem etter at klubben har gått gjennom saka for å sjå kva som gjekk gale.

Det har vore naudsynt å bruka tid på dette, mellom anna gjennom dialog med Jannike og spelargruppa. Gjennomgangen har vist at det er fleire læringspunkt i samspelet mellom spelar og styret som me må forbetra framover som klubb, seier leiar Trine Lerum Hjellhaug i fotballgruppa.

Styremedlem og leiar for damelaget Stian Frøiland trekkjer seg som følgje av saka.

– Stian har lagt ned ein stor innsats for Kaupangar Fotball og det takkar me han for, skriv styret.

– Har fleire sider

Klubben skriv i pressemeldinga at det har vore naudsynt å bruka tid på saka. 

– Mser at det kan vera vanskeleg for utanforståande å forstå heile konteksten, men dette har vore ei vanskeleg sak då den har fleire sider som me ikkje kan koma nærare inn på. Frå første kontakt med Jannike, til møtet vart gjennomført, eskalerte saka stort, seier nestleiar Heidi Kathrin Osland.

Ho går no inn som konstituert leiar for damelaget. Klubben håpar at dei kan legga bak seg saka.

– Det er mange unge lovande talent i fylket som fortener å ha eit godt sportsleg tilbod slik at dei kan utvikle seg. Me ønskjer å bygga ei god og inkluderande lagånd som må vera tufta på verdiane til klubben, seier Lerum Hjellhaug.

Til toppen