Høyanger: – Eg forstår at Norsk Hydro ASA kjøper vindkraft, og at dei ønskjer utbygging av vindkraft i Noreg for å sikre industrien i framtida. Hydro er avhengig av å kjøpe såkalla fornybar kraft. Det er ein del av forretningsideen deira. Men eg liker det ikkje, seier Lars Kjetil Skeie.

Leiaren av LO Ytre Sogn og Høyanger kjemiske: – Forstår Hydro si haldning til vindkraft på land, men liker det ikkje
Lars Kjetil Skeie meiner myndigheitene må leggje premisset for at utbygging av havvind vert prioritert framfor vindkraft på land. – Sprengjer me vekk halve fjellheimen no, vert me ikkje tilgjevne, seier fagforeiningsleiaren.