REAGERER: Leiar i Aurland Elveeigarlag, Bjørn Vike (midten), meiner dei 40 år gamle miljøkrava for Aurlandsvassdraget er modne for revisjon, men tilrådinga til politikarane er å vente med det. Torsdag skal saka til handsaming i formannskapet i Aurland. Foto: Arne Veum.
REAGERER: Leiar i Aurland Elveeigarlag, Bjørn Vike (midten), meiner dei 40 år gamle miljøkrava for Aurlandsvassdraget er modne for revisjon, men tilrådinga til politikarane er å vente med det. Torsdag skal saka til handsaming i formannskapet i Aurland. Foto: Arne Veum.

Leiaren for elveeigarlaget uroa for framtida til Aurlandsvassdraget

Bjørn Vike meiner ein revisjon av konsesjonsvilkåra for Aurlandsvassdraget må til for å sikre vassdraget også i framtida.

Aurland: Dagens miljøkrav i Aurlandsvassdraget er 40 år gamle. Det meiner leiaren i Aurland elveeigarlag at det er på tide å gjere noko med.

– Miljøkrava for 40 år sidan var heilt annleis enn dei er i dag. Ein revisjon vil oppdatere miljøstandarden til dagens, og den er bindande for 30 år, seier Vike, som meiner det er til fordel for både regulant, elveeigarar, kommunen og andre som har glede av vassdraget at ein gjennomfører ein revisjon.

Sjøaure er ein stamme som slit over heile landet, men i Aurland har ein dei siste åra sett ein svak vekst etter ein del tiltak.

– I Aurlandselva er det sett i gang gode prosjekt, så dette kan bli ein veldig vellykka revisjon utan at det kostar regulanten for mykje. Private avtalar som kommunen her legg opp til, kan ein seie opp. Er det noko som vil lage støy, er det vegen kommunen no vil gå, legg han til. 

Fryktar høgare konfliktnivå

Kva veg kommunen ønskjer å gå vil ein få svaret på torsdag når saka skal til handsaming i formannskapet, der tilrådinga frå rådmannen er ikkje å gjere ein revisjon no.

Grunngivinga er at ein formell vilkårsrevisjon der regulant eller konsesjonær tek stilling til mange ulike krav frå vassdragsmyndigheit og lokale og regionale aktørar, tek utgreiingsarbeidet og løysingar vekk frå lokal styring og medverknad. Det er då auka risiko for høgare konfliktnivå, heiter det i tilrådinga.

– Dette er ikkje noko anna enn det som er omtalt som mogleg alternativ frå Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK). Viss utgangspunktet er å fremje krav som er urimeleg å få gjennomført, tapar ein av partane. Her er det snakk om nasjonale verdiar, så sannsynet for at lokale vinn fram, er liten, seier Bjørn Sture Rosenvold, som er sakshandsamar. 

– Me ønskjer ikkje ein situasjon der partane går ned i skyttargravene, og så risikerer ein at regulanten ikkje gjer anna enn han får pålegg om. I dette vassdraget har regulanten, som er E-CO Energi, brukt mange millionar på tiltak dei ikkje er pålagt.

– Bukken og havresekken

Årsaka til at saka kjem no er fordi NVE har bede Aurland kommune kome med innspel eller krav om revisjon av konsesjonsvilkår for Aurlandsvassdraget innan 1. mars. Ein slik revisjon er knytt til miljøtilhøva i eit vassdrag, som til dømes vassføring. Det vanlege er at det er kommunen som fremjar eit slikt krav på vegne av ålmenta, men Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan også avvise krava.

Ved å krevja ein revisjon, vil ein få oppdatert miljøkrava til dagens standard – i tillegg til at ein sikrar at desse krava følgjer eigaren iallfall for dei neste 30 åra. Vike meiner det er pinlig dersom kommunen går mot ein revisjon i eit så stort og omfattande vassdrag.

– Aurlandsvassdraget har høg prioritet, såkalla 1.1. Kommunen har prøvd å få det ned til 2.1 slik at det ikkje er like viktig å revidere. Grunnen er ikkje å påføre regulanten store utgifter. Då blir det litt som bukken og havresekken, seier han.

Godt forhold til regulanten

Dei siste åra er det gjort mange tiltak i vassdraget for å bidra til at det også i framtida skal ha eit berekraftig fiske. Før utbygginga vart det tatt opp mot 6 tonn med laks i vasssdraget og 4 tonn sjøaure. For sistnemnde snakkar ein no om fangstal på mellom 300 og 700 kilo.

– For 40 år sidan kunne ein ikkje vite at dette vart konsekvensen. Det vart ikkje gjort med vond vilje, men mangel på kunnskao. 

– Korleis er forholdet dykkar til regulanten?

– Sjølv om eg ikkje er nøgd med tiltaka, betyr ikkje det at det er dårleg kommunikasjon. Eg meiner me har eit godt forhold og trur at ein føresetnad for at forholdet skal vere godt i framtida også, er ein revisjon rundt vassdraget, seier Vike.

Fagleg begrunna

Ein revisjon er ein tid- og ressurskrevjande prosess, seier Rosenvold. I tilrådinga skriv han at det vil vere betre å samarbeide med regulanten for å etablere forhandlingsarenaer og utarbeide eit lokalt basert utgreiingsprogram med framlegg til framtidsretta miljøtiltak. 

Ved å etablere forhandlingsarenaer og utarbeiding av eit lokalt basert utgreiingsprogram med framlegg til framtidsrettsretta miljøtiltak, vil ein kunne oppnå mykje utan ein slik tung prosess. Dersom partane ikkje vert samde, kan heller kommunen krevja revisjon, er tanken.

– Alle forsøk på tiltak bør vere sterkt fagleg begrunna. Det er ikkje nok å prøve seg fram med synsing. Dette må vere vitskapleg eller fagleg sett nøye gjennomtenkt, seier Rosenvold. 

Til toppen