AVTROPPANDE OG PÅTROPPANDE LEIARAR: Til venstre Kristin Hestetun, som går av som leiar i Årdal Turlag, og til høgre Marianne Jevnaker, som er nyvald leiar. Til høgre i biletet ser vi overheaden som vart nytta under møtet for å fortelja litt om det som rører seg i laget. (Bilde: Snorre Sandemose)

Leiarskifte i Årdal Turlag

På årsmøtet fredag vart det også lagt fram imponerande tal over kor mange som har gått på tur i år. 20 000 turar har det vorte til Ytre Moa åleine. 

Årdal: – Andre turlag lurar på korleis me får so mange til å gå på trimpostane våre, seier Marianne Jevnaker, den nyvalde leiaren i Årdal Turlag. 

Ho trur litt av løyndomen er at Årdal har so mange fagre fjell ikring og at dei er lett tilgjengelege.

I fem år har Jevnaker sete i styret i laget, og på spørsmål om kva som er hennar ambisjon  no når ho tek over roret, svarar ho: 

– Å auka aktiviteten i laget endå meir. Eg er oppteken av at folk skal koma seg ut på tur. 

Ho vonar òg at den nye undergruppa som har kome til i Årdal Turlag, Fjellsportgruppa, får skikkeleg vind i segla og får med seg mange fjellsportinteresserte. 

Den avtroppande leiaren er langt ifrå lei av fjelltrim

Kristin Hestetun trer av som leiar i Årdal Turlag, og vert i staden varamedlem i styret. Ho seier det er bra når det vert litt variasjon i kven som sit i styret, og kven som sit som leiar. Ikkje minst legg ho til at det krev si tid å ha eit slikt verv, og at tre år er passeleg.

 

JOTUNHUSET: Det var eit staseleg lokale møtelyden hadde årsmøtet sitt i. På gavlen lengst inn i rommet, i nærleiken av der leiaren og skrivaren sat, kunne ein sjå den tradisjonsrike gamle logoen til Idrottslaget Jotun. 
JOTUNHUSET: Det var eit staseleg lokale møtelyden hadde årsmøtet sitt i. På gavlen lengst inn i rommet, i nærleiken av der leiaren og skrivaren sat, kunne ein sjå den tradisjonsrike gamle logoen til Idrottslaget Jotun.  Foto:  Snorre Sandemose

Ho seier Jevnaker vert ein god arvtakar i leiarstolen, som alt har bidrege godt i styret og lagt ned ein stor innsats som turleiar og turarrangør. 

Også Hestetun har ved fleire høve vore turleiar, og det tenkjer ho ikkje å slutta med: 

– Eg er godt kjend i Fardalen og har vore med ei stund i turleiargruppa, og no ynskjer eg å ta turleiarkurset som vert halde i regi av Den Norske Turistforening. 

Vidare seier Hestetun at alle dei hyggjelege folka i turlaget er ein viktig grunn til at ho har lyst til å engasjera seg vidare. 

Trimpostane i Årdal er særs populære 

Trimpostane er framleis særs poulære blant årdølene. Berre på posten på Ytre Moa har det vore over 20 000 besøk i år, kunne turgeneral Svein Fretland fortelja på årsmøtet.

Årdal Turlag hadde rekordmange besøk på postane i år med tilsaman 76 000 besøk. Dette var også fylkesrekord. Ivrige turgjengarar som går turar jamt, bidreg sjølvsagt til det høge talet turar. Dette veit me altso takka vere dei mange turbøkene som ligg på post kringom i terrenget, som turfolket skriv seg inn i. 
 
Blant dei mange ivrige turgåarane i bygda finn me medlemene i Gålaget. Då leiaren Gunvor Nordås la fram tala over kor mange som hadde delteke på turane deira i år, hausta ho stor fagning blant møtelyden. 
 
«Gålaget», «Barnas turlag», «Mosjonsskulen» og «Fjellsportgruppa» er undergrupper som høyrer innunder Årdal Turlag, som igjen er eit lokallag innunder Den Norske Turistforening.
 
Til toppen