SINTE: Dei er alle heimesjukepleiarar og har alle opplevd å fått bøter i arbeidstida. Frå venstre: Britt Jorunn Øyri Thue, Marianne Yttri Sætre og Margunn Nondal. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SINTE: Dei er alle heimesjukepleiarar og har alle opplevd å fått bøter i arbeidstida. Frå venstre: Britt Jorunn Øyri Thue, Marianne Yttri Sætre og Margunn Nondal. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Leie av bøter: – Me blir straffa av arbeidsgjevaren vår

Stadige parkeringsbøter har gått ut over motivasjonen til heimesjukepleiarane i Sogndal. No seier rådmannen at arbeidsgjevaren skal dekka bøter for manglande betaling.

Sogndal: Heimesjukepleiarane i Sogndal opplever dei stadige parkeringsbøtene som straff for at dei har fokus på pasientane i ein travel kvardag.

– Me ønskjer oss ein logo på bilane, slik at me slepp å tenkje på parkeringa. Då vil me kunne bruka energien vår på det me skal, seier Britt Jorunn Øyri Thue.

Tidlegare i månaden skreiv vi om lokalpolitikaren som personleg ville punge ut dersom kommunen ikkje fekk rydda opp i problemet. No kan ting tyde på at partane står nærare kvarandre.

KOSTBAR Å GLØYME: Denne brikka må heimesjukepleiarane aktivere og leggje i frontruta kvar gong dei parkerer. Å gløyme det kan resultere i bot. Bøter dei til no har betalt frå eiga lomme.
KOSTBAR Å GLØYME: Denne brikka må heimesjukepleiarane aktivere og leggje i frontruta kvar gong dei parkerer. Å gløyme det kan resultere i bot. Bøter dei til no har betalt frå eiga lomme.

– Me blir straffa av arbeidsgjevaren vår

Britt Jorunn Øyri Thue og kollegaene har fått nok av dei stadige bøtene.​ Og dei meiner ei tungvint parkeringsordning har skulda. Det er fort gjort å gløyme å leggje fram parkeringsbrikkene og går dei tomme må dei bli fylte opp i kommunen sine opningstider.

Resultatet har vore bøter for manglande betaling.

– Me blir straffa av arbeidsgjevaren vår fordi me har den jobben me har, seier Margunn Nondal.

I tillegg er det ofte dårleg med parkering hos pasientane dei køyrer rundt til. Resultatet er bøter for feilparkering. 

– Du gjer noko som ikkje er lov, det er greitt. Men du skal hjelpa ein pasient og du har det travelt. Alternativet er å parkera lengre unna. Men då risikerer du å ikkje rekka alle dei andre pasientane på lista. Kor lønsamt er det?, spør Marianne Yttri Sætre.

Møter døve øyrer

Dei har alle klaga på bøter dei har fått, men utan å få medhald. 

– Eg trudde oppgåva til arbeidsgjevar var å backe oss opp, motivere oss til å gjere ein best mogleg jobb for kommunen. Det gjer dei ikkje på denne måten, seier Nondal. 

Dei har til og med opplevd å få bøter når dei har rykka ut til pasientar som har utløyst alarm. Heller ikkje her har klagene ført fram.

– Det kan vere at pasienten har dotte eller at dei treng meir akutt hjelp. Då har du ikkje fokus på parkeringa, men på det som er gale. Det var det som skjedde med meg òg. Eg sprang ut att fordi eg kom på att eg hadde gløymt å legge opp brikka, seier Øyri Thue.

– Beklageleg viss noko har vore uklart

Rådmann Jostein Aanestad seier han har vore i kontakt med heimetenesta for å høyre kva praksisen er når det gjeld bøter. Svaret vil truleg overraske dei tilsette som i fleire år har punga ut frå eiga lomme. 

FORKLARER PRAKSIS: Rådmann Jostein Aanestad seier dei tilsette ikkje skal betale for bøter dei har fått på grunn av manglande betaling.
FORKLARER PRAKSIS: Rådmann Jostein Aanestad seier dei tilsette ikkje skal betale for bøter dei har fått på grunn av manglande betaling.

–  Praksis skal vera at arbeidsgjevar dekkjer bota når årsaka er manglande betaling. Det vil vere stor forståing for at ein kan gløyma å betala parkeringsavgift i ein hektisk og tidsknapp situasjon. Det er ei sak den som har fått bota må ta opp med sin næraste leiar, seier han.

– Dette er noko dei tilsette tydelegvis ikkje har fått med seg. Kven har ansvaret for det?

– Det er sjølvsagt beklageleg viss noko har vore uklart. Det beste er nok om tenesta avklarer dette med sine tilsette, seier Aanestad.

Når det gjeld feilparkeringar er det derimot inga bøn.

– Det er ikkje høve til å setja frå seg bilen kvar som helst. Det må nesten vere slik at du parkerer lovleg. I nokre tilfelle vil det gje noko lengre avstand til brukar enn om du skulle køyra heilt til døra. Men det må me nok leva med, seier rådmannen.

Til toppen