Foto: Sigrid Skjerdal/NRK.
Foto: Sigrid Skjerdal/NRK.

MEININGAR

Leiinga blir på Leikanger – det skulle berre mangla

LEIAR: At regjeringa no har bestemt seg for at hovudsetet til Fylkesmannen skal liggja på Leikanger, er som venta.

I den grad det er mogleg å seie. For ein veit jo sjølvsagt aldri, men det låg eigentleg i korta. 

«For å få ein god regional balanse i offentlege arbeidsplassar, ønskjer regjeringa å vurdere Fylkesmannens lokalisering i samanheng med lokalisering av fylkeskommunane sin administrasjon», sa kommunalminister Jan Tore Sanner (H) i mars då det blei klart at Sogn og Fjordane og Hordaland fekk felles Fylkesmann.

I grunnen låg det eit hint her, men likevel har det tatt to månader før ein altså klarte å bestemme seg. Kva ein har nytta dei siste to månadane til å finne ut av, er uvisst. 

Uansett er det sjølvsagt gledeleg at Leikanger og Sogn får leiinga. Dette var eit premiss i intensjonsavtalen for Vestlandsregionen, og såleis grunnlag til å kalle det heile ei tvangssamanslåing dersom det ikkje vart innfridd, ifølgje Arbeidarpartiet.

Men jammen skulle det berre mangle også at regjeringa, som ønskjer seg færre fylke og kommunar, faktisk innfrir dei krava som fylka/regionane og kommunane då kjem med – iallfall slik som i dette tilfellet der begge fylka har sagt ja til at leiinga skal liggje på Leikanger.

Det kan godt vere at reint praktisk ville det fungert betre at alt av leiing låg på same plass i Noregs nest største by, men når dei to partane ein gong har blitt samde om dette, så ville det vore spesielt om regjeringa sa nei.

Då er det også litt spesielt å høyre på lokalpolitikarar frå dei borgarlege partia som liksom skal rose regjeringa for å «syne stor grad av tillit og respekt til dei lokale prosessane» og at «regjeringa på nytt syner at lovnader vert innfridd». 

Ein kan også lese det som eit politisk spel. Det er val i år, og det merkast, både frå dei raude og dei blå. Det hadde vore interessant å vite om utfallet hadde blitt det same om me no var i starten av ein stortingsperiode. Om det faktisk er slik at det som no vert gjort for å score politiske poeng i valkampen, så er det kort og godt ikkje greitt. 

Politikarar skal ikkje gløyme at dei er valde av folket, og i dette tilfellet ville forhandlingsutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane på vegne av folket plassere leiinga av Fylkesmannen på Leikanger. Det skulle ikkje vera naudsynt at me i det heile måtte vente så lenge på ei avgjerd. 

Arbeidsplassane var allereie sikra. Det gav Sanner beskjed om i mars. Difor låg det nettopp ein del signalpolitikk i det som var banka gjennom fredag. No gjenstår det å sjå korleis oppgåvene skal fordelast mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, men at arbeidsplassane består betyr at me framleis vil vere sikra god lokalkunnskap blant dei tilsette. Det er viktig.

Avgjerda er tatt, og sjølv om me mistenker litt valkamp i dette, er me glade for at regjeringa lytta til oss.

Til toppen