AKTIVE UNGAR: Mange aktive ungar tok turen til Fardalen søndag førmiddag.
AKTIVE UNGAR: Mange aktive ungar tok turen til Fardalen søndag førmiddag.

Leik og moro i mildt vintervêr

Søndag førmiddag var Barnas Turlag i Fardalen for å drive med aktivitetar i snøen.

Fardalen: Omkring 40 personar tok turen då Barnas Turlag inviterte til leik og moro, ved skisenteret i Fardalen søndag. Ungane dreiv med alt frå aking til frileik i det milde været. Pannekaker og saft gikk ned på høgkant etter aktivitetane, og nokre ungar nytta den opptente grillen i grillhytta.

GRILLING: Ungane grilla pølser i grillhytta.
GRILLING: Ungane grilla pølser i grillhytta.

Dette var det andre av ni planlagte arrangement Barnas Turlag i Årdal skal ha i 2016.

Sandra Opheim, leiar i Barnas Turlag i Årdal, synest det er flott at så mange møter opp på arrangementa deira.

– Det gler oss at mange støttar opp om arrangementa våre, og nyttar dagen ute med oss når me inviterer. Arrangementa foregår ute i det fri, så det er alltid plass til fleire.

Sandra oppmodar folk til å følgje med på Facebook sida til Barnas Turlag. Der blir alle arrangementa deira lagt ut.

 

Til toppen