KITEKURS: I helga arrangerte DNT Ung Årdal og Tyin Aktiv kitekurs retta mot ungdommar. Foto: Marianne Jevnaker
KITEKURS: I helga arrangerte DNT Ung Årdal og Tyin Aktiv kitekurs retta mot ungdommar. Foto: Marianne Jevnaker

Leik og moro i vinden

På Tyin har det vore mange kite ‘ar i sving denne helga, då både store og små har fått testa ferdigheitene sine i DNT Ung Årdal sitt kitekurs.

For fjerde året på rad har DNT Ung Årdal samarbeida med Tyin Aktiv for å arrangere kitekurs. I år har pågangen vore stor og på kurset var det deltakarar frå 15 år og til «over 50».

Snowkite Instructor, Magne Grihammar, frå Tyin Aktiv har vore med deltakarane heile helga og gitt dei god rettleiing og gode instruksar.

Strålande sol og flott føre gjorde til at dei 11 kursdeltakarane fekk ei kjempeflott helg.

Innhaldsrikt kurs
Det populære kurset strekker seg over to dagar, der deltakarane byrjar med dei minste kitene og deretter jobbar seg gjennom ulike øvingar utan ski på beina. Etter kvart får deltakarane prøve seg på dei større kitene som dei til slutt brukar med ski på beina.

På kurset er det stor fokus på personleg sikkerheit og sikkerheit med tanke på omgjevnadar. Det  vert også jobba med på kurset er startprosedyrar, kvar kiten er sterk og svak, landingsprosedyrar, sikkerheitssystem og ulike vurderingar i forhold til vindretning og vindstyrke.

STRÅLANDE VÆR: I flott påskevær vart dei 11 deltakarane instruert av Magne Grihamar frå Tyin Aktiv.
STRÅLANDE VÆR: I flott påskevær vart dei 11 deltakarane instruert av Magne Grihamar frå Tyin Aktiv.

Dersom det er gode forhold på fjellet er målet at deltakarane skal få prøve seg på ski den fyste dagen. Dette vart diverre ikkje mogleg denne helga, då det faktisk var bortimot vindstille på Sletterust.

Storkosa seg
Blant dei 11 deltakarane på helgas kurs var mellom anna Stian Laberg (13), Håkon Bukve Strand (14) og Mathias Vee (15). Dei tre gutane frå Øvre Årdal tykte kitekurset var kjekt, og tilrår kurset til andre på same alder.

Erfaringane frå tidlegare kurs er at deltakarane har følt seg trygge nok til å gå vidare med kiting på eiga hand etter denne helga, og alle dei tre gutane fortel at dei gjerne vil halde fram med kiting.

– Grunnen til at eg er her er fordi mamma sa eg skulle, men eg angrar ikkje i det heile tatt. Det har vore kjempekjekt, og eg gler meg til å begynne med dei store kitene, fortel Vee.

Ynskjer å rekruttere ungdom

DNT Ung sin kontaktperson i Årdal Turlag, Marianne Jevnaker, fortel til porten.no at dei er veldig opptekne av å rette seg mot dei yngre, då det dei siste åra har vore vanskeleg å rekruttere ungdommar frå bygda.

– I år har DNT Ung Årdal også samarbeida med Luster Turlag og Sogndal Turlag for å auke rekrutteringa. Me har lukkast i Luster, men me ynskjer framleis å få med oss fleire.

For å engasjere ungdom og for å få dei med ut i naturen sponsar Årdal delar av deltakaravgifta sånn at det vert eit svært rimeleg tilbod for ungdom.

Til toppen