NY FYLKESMANN: Anne Karin Hamre held fram som fylkesmann i Sogn og Fjordane ut neste år. Lars Sponheim vert fylkesmann når den nye vestlandsregionen trer i kraft 1. januar, 2019. Foto: Sigrid Skjerdal/NRK.
NY FYLKESMANN: Anne Karin Hamre held fram som fylkesmann i Sogn og Fjordane ut neste år. Lars Sponheim vert fylkesmann når den nye vestlandsregionen trer i kraft 1. januar, 2019. Foto: Sigrid Skjerdal/NRK.

Leikanger blir hovudsete for Fylkesmannen

Og Lars Sponheim blir sogning.

Leikanger: På ein pressekonferanse på Leikanger i dag vart det gjort kjent at Lars Sponheim blir den nye fylkesmannen for Vestlandet og at han skal ha hovudsete på Leikanger. 

Sponheim har sjølv tidlegare tatt til orde for det motsette.

– Når det gjeld kontoret til fylkesmannen her i Bergen, så er det for oss litt opplagt. Staten må ha ein fylkesmann i den nest største byen i landet, var hans klare tale i eit intervju med NRK i oktober i fjor.

Vedtaket vart gjort då regjeringa i dag var samla under Kongen i statsråd, der det òg vart bestemt utnemninga gjeld for ein periode på seks år.

Lars Sponheim har vore fylkesmann i Hordaland sidan 2010 og var ein av seks søkjarar til stillinga, saman med mellom anna noverande fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane. 

– Vi får behalde ein dyktig fylkesmann med brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding frå regjeringa.

Allereie i mars vart det bestemt at fylkesmannsembetet til den nye vestlandsregionen skal vere delt mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, Leikanger og Bergen. Dei statlege arbeidsplassane, som det har blitt kjempa ein hard kamp for i Sogn, var dermed allereie sikra.

– Det er ei viktig symbolavgjerd, seier ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger, som likevel er glad for at det under pressekonferansen kom nye stadfestingar på at dei statlege arbeidsplassane i kommunen ikkje blir kutta frå dagens nivå.

Ordførar Noralv Distad i Aurland, som har vore medlem av forhandlingsutvalet for Sogn og Fjordande fylkeskommune, meiner dagens avgjerd er ein siger over skeptikarane.

– Dermed er òg all raudgrøn tvil om regjeringa si vilje til å fylgja opp fylkestingsvedtaka rydda av vegen, seier han i ei pressemelding.

Til toppen