KRITIKARNOMINERT: Øystein Vidnes, som no har budd i Leikanger i årevis, er nominert av Norsk Kritikerlag til kritikerprisen for beste omsetjing. Forfattaren og omsetjaren har òg vore med på å designa forma til Skald forlag sin skjønnlitterære serie frå verdslitteraturen, «nynorske klassikarar».
KRITIKARNOMINERT: Øystein Vidnes, som no har budd i Leikanger i årevis, er nominert av Norsk Kritikerlag til kritikerprisen for beste omsetjing. Forfattaren og omsetjaren har òg vore med på å designa forma til Skald forlag sin skjønnlitterære serie frå verdslitteraturen, «nynorske klassikarar».

Leikanger-forfattaren Øystein Vidnes nominert til Kritikarprisen for beste omsetjing

Han la ned åtte gonger so mykje arbeid i denne boka som i tidlegare litterære verk som han har omsett til norsk. 

Leikanger: – Det er veldig fint å setja om litteratur om morgonen, når eg kjem svevndrukken til kontoret. Då er det fint å berre konsentrera seg om å omsetta, utan å fundera for mykje. Det er ein fin måte å aktivisera hjernen og alle sansane på, seier Øystein Vidnes. 

Han har sett om novellesamlinga Tre kvinner til nynorsk for Leikanger-forlaget Skald. Den eine novella handlar om ei bondejente, den andre om ei adelskvinne, og den tredje om ei arbeidarjente. 

For arbeidet er Vidnes nominert til Kritikarprisen for beste omsetjing, og det for fyrste gong. I mars får han vita om han får prisen.

Les også: Skal satsa meir på litteratur i Blaoboksen

Slo rot i Sogn etter eit liv i storbyen

Vidnes er opphavleg frå Vanylven på Sunnmøre. Etter å ha levt i byar som Bergen, Berlin og Oslo, slo han seg til sist ned i Leikanger.

– Her har eg budd i fem år. Det var flott å koma hit, og slå seg ned og til ro. Sogn er heilt fantastisk. I Leikanger har eg fått familie, og det er ein god stad å leva eit famlieliv, seier han.

Vidnes er ikkje berre omsettar, han skriv òg på eigne tekstar om dagane. Sist han gav ut sin eigen roman var for drygt elleve år sidan. Då kom Ekstasar ut på Samlaget. 

Parallelt jobbar han både med design og formgjeving. 

Tyngste jobben i karriera

Vidnes har tidlegare omsett seks romanar frå tre språk: tysk, engelsk og portugisisk.  Ingen av dei var like vanskelege å sy om til ei nynorsk språkdrakt som desse tre novellene. 

– Eg talde opp tida eg har lagt ned i desse novellene, og kom fram til at eg har jobba åtte gonger so mykje med dette verket i snitt per side, enn dei litterære verka eg har omsett tidlegare, seier han.

Novellesamlinga han har omsett, er skriven av den austerrikske forfattaren Robert Musil. 

– Han er so nøyaktig og likevel so sanseleg. Han har eit stort ordforråd, og so legg han lista høgt og tøyer det tyske språket, seier Vidnes.

Dermed laut Vidnes også tøya nynorsken, men utan at det vert unaturleg. Han har ynskt å skriva slik at tekstane kling som var dei skrivne på nynorsk frå grunnen av. Han har fått ros frå kritikarane for å ha lukkast med det. Samstundes hyllar ein kritikar han for å ha servert ein «kjøtfull nynorsk». 

– Målet mitt har vore å få med nyansane til forfattaren, og samstundes skriva lesande og naturleg.

Nynorskdebut for klassiske verk

Skald har sidan starten i 1991 bygd seg opp som eit forlag med ein nasjonal profil. Det vart tydeleg hausten i forfjor, då dei lanserte serien nynorske klassikarar. Serien er det nye flaggskipet til forlaget, klassiske verk frå verdslitteraturen vert gjort tilgjengelege på nynorsk for fyrste gong.

Tre kvinner, som Vidnes no har vorte kritikarnominert for, var den femte boka i serien. 

Av dei tre, er det novella om arbeidarklassejenta som har gjort det aller sterkaste inntrykket på Vidnes. 

– Den novella er nærast som ein roman. Då eg fyrste gongen las ho kjende eg det som at eg hadde lese ein heil roman, seier han.

Til toppen