Leikanger: No kan el-bilistar lada bilen på den splitter nye hurtigladestasjonen ved Saftenhuset i Leikanger sentrum.
Ladestasjonen har har fire ladepunkt.
– Det har vore eit veldig viktig tiltak for oss for å styrke sentrum og for å leggja til rette for miljøvenleg transport, seier Jon Håkon Odd, ordførar i Leikanger.
Odd: – Naturleg plassering
Plasseringa av stasjonen var enkel, ifølgje ordføraren. Han trur at ein hurtigladestasjon vil vorte godt motteke av bilistar som fartar langs riksveg 55.

– Det er naturleg at me valde å setje han nær sentrum der det er idrettshall, butikkar, og slikt, seier han.
Ordføraren seier at kommunen har fått henvendingar frå el-bilistar som sakna ein ladestasjon.
– Det er klart at det er eit av dei største hindra har vore mangel på offentleg infrastruktur rundt dette, så denne stasjonen vil vera med å legge til rette for eit meir miljøvenleg tilbod.