Leikanger kan bli ribba for statlege arbeidsplassar

Det er den logiske konsekvensen, om politikarane følgjer konklusjonane i ein fersk rapport frå Kommunaldepartementet.

Sogndal/Leikanger: Ei gruppe nedsett av Kommunaldepartementet har laga ein førebels rapport, der dei ser på ulike modellar for korleis fylkesmannsembeta skal organiserast i framtida.

MØRKE SKYER: Kjetil Kvåle, Ap-politikar i Sogndal, er uroa for skjebnen til dei statlege arbeidsplassane på Leikanger.
MØRKE SKYER: Kjetil Kvåle, Ap-politikar i Sogndal, er uroa for skjebnen til dei statlege arbeidsplassane på Leikanger.

Knusktørre saker, altså. Men les du rapporten med Sogn og Fjordane-briller, blir det straks meir dramatisk.

–  Viss berre litt av det embetsverket føreslår faktisk blir gjennomført, så betyr det i realiteten ei utflagging av arbeidsplassane våre. Det uroar meg og det uroar meg alvorleg, seier politikar i Sogndal, Kjetil Kvåle (Ap).

– Blir rapporten gjennomført slik den ligg i dag, så vil det ha svært dramatiske konsekvensar for talet arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, spesielt i Sogn, seier rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad.

Les også: Regjeringa vil erstatte fylka med ti regionar
Les også: – Overraskande lite innhald i regionreforma

Leikanger kan stå ribba attende

For du treng ikkje lese mellom linjene for å bli skremt av det arbeidsgruppa har kome fram til. I allefall om du har ein viss skepsis for sentraliseringsspøkelset.

I korte trekk føreslår rapporten å organisere fylkesmannsembeta etter regionar, gjerne med same inndeling som dei nye politidistrikta. På våre breiddegrader betyr det at Hordaland og Sogn og Fjordane blir til èin region.

Samstundes seier rapporten at embeta bør vere samla på èin plass, til liks med fylkesadministrasjonen og andre statlege arbeidsplassar. Bergen vert trekt fram som èin av plassane som i dag har best samlokalisering av statsetatane, medan Leikanger hamnar i versting-kategorien.

Les også: Valdrisene luktar på Sogn

Den logiske konsekvensen av tilrådingane er å flytte ei rekkje statlege arbeidsplassar frå Leikanger til Bergen. Fylkesmannen, administrasjonen til fylkeskommunen og statlege etatar som NAV, Vegvesenet og Difi kan alle gå med i det robuste dragsuget.

– Det er vanskeleg å lesa rapporten på noko anna vis. Det vil alltid vere forskjell på ein fagrapport og framtidig politikk, men dei faglege tilrådingane er dramatiske, seier rådmann Jostein Aanestad.

BERRE ÈI TOLKING: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, har lese rapporten og meiner det berre er èin måte å tolke konklusjonane: ei ribbing av dei statlege arbeidsplassane på Leikanger til fordel Bergen. – Så vil det alltid vere forskjell på ein fagrapport og framtidig politikk, seier rådmannen.
BERRE ÈI TOLKING: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, har lese rapporten og meiner det berre er èin måte å tolke konklusjonane: ei ribbing av dei statlege arbeidsplassane på Leikanger til fordel Bergen. – Så vil det alltid vere forskjell på ein fagrapport og framtidig politikk, seier rådmannen.

Ønskjer ny runde om samanslåingar

I følgje SSB-tal frå 2012 er kvar fjerde statlege stilling plassert i Oslo. Leikanger er likevel den kommunen i landet som har flest statlege årsverk per innbyggjar: over femhundre årsverk fordelt på eit innbyggjartal på litt over to tusen.

Skulle desse arbeidsplassane forsvinne, får det ringverknader langt utover grensene til denne eine kommunen, meiner Kjetil Kvåle.

– Ei utarming av kompetansemiljøet på Leikanger vil vere alvorleg for heile fylket, seier han.

– Vi har ikkje råd til å misse ein einaste ein, heller motsett.

Les også: Sogndal ønskjer samanslåing med nabokommunane

Difor meiner han at rapporten er nok ein grunn for sogningane til å vurdere samanslåingar på nytt. Leikanger vert for liten i den store målestokken. Og det er stort sett den som blir brukt i desse dagar.

– Viss grepet som trengst, for å hindre ei slik utflagging av arbeidsplassar, er at vi slår oss saman, så er vi nøydde til å gjere det, seier Kvåle.

Til toppen