HØGE KOMMUNALE AVGIFTER: Leikanger kommune toppar dei kommunale avgiftene i Indre Sogn med ein årsavgift på 12.183 kroner.
HØGE KOMMUNALE AVGIFTER: Leikanger kommune toppar dei kommunale avgiftene i Indre Sogn med ein årsavgift på 12.183 kroner. (Foto: Arkiv / Leikanger Kommune)

Leikanger må betala mest i kommunale avgifter

Medan innbyggjarane i Leikanger må betala 12.183 kroner i året, må årdølene berre ut med 4.600 kroner. Sjå oversikt over kommunane i Indre Sogn.

Årdal: Det kjem fram i ei undersøking NRK har utført utifrå KOSTRA-databasen til Statistisk sentralbyrå.

Kommunale avgifter er kostnader som går til avløp, vatn og renovasjon. I Leikanger ligg årsavgifta for desse tenestene på 12.183 kroner, og hamnar dermed på toppen av lista blant kommunar i Indre Sogn.

Jon Håkon Odd (Ap), ordførar i Leikanger kommune, seier at grunne til at dei kommunale avgiftene ligg så høgt, går ut på at kommunen framleis betalar for nokre lånopptak som er knytt til tidlegare investeringar.

– Me tener ingenting på dette, sjølvkost dekker akkurat det tenestene kostar, og alle pengane går til å dekka kostnadane som kjem med kommunale tenester. Til låna er nedbetalt så vil det diverre vera dyre avgifter i Leikanger. Det er ikkje heilt heldig, me ønskjer ikkje at det skal vera så høge kostnader, seier han. 

Låna som kommunen tok opp gjekk, ifølgje teknisk sjef Ervin Beheim, til oppgradering av kloakkreinseanlegget i 2015, men også til utbetring av leiingsnettet for vatn og avlaup.

Hentar søppel sjølv

Årdal kommune var billigst i landet, med kommunale avgifter på 4.600 kroner.

Det som skil kommunen frå samtlege andre i regionen er at kommunen har ansvaret for å samla inn søppel i form av papir og restavfall og levera det til forbrenningsanlegget Sunde Resirk AS i Utladalen.

Til NRK sa ordførar Arild Ingar Lægreid følgjande

– Me driv søppeltømming sjølv med kommunalt tilsette i kommunen. Det same gjer me også med vatn. Utover det har eg ikkje noko god forklaring på kvifor me ligg så mykje lågare enn mange andre kommunar, men det er veldig positivt for oss å ligga på topp.

Til avisa opplyser han at det er gledeleg at Årdal ligg på eit slikt prisnivå, og at kommunen ønskjer å halda det slik, sjølv om han ikkje kan lova at det alltid vil vera så billig.

Felles miljøstasjon

Til felles for Leikanger og samtlege kommunar i Indre Sogn, utanom Årdal, er at miljøstasjonen Simas står for oppsamling, innsamling og transport av alle avfallstypar i kommunane. 

Årskostnader i kommunale avgifter i Indre Sogn

Årdal: 4.600 kroner

Aurland: 7.806 kroner

Balestrand: 8.071 kroner

Lærdal: 9.322 kroner

Sogndal: 9.818 kroner

Vik: 10.005 kroner

Luster: 10.743 kroner

Leikanger: 12.183 kroner

– Me har éin fast pris ut til alle kommunane, så har kommunane ein påslagskostnad som heiter sjølvkost, seier Hallvard Thomassen, direktør i Simas, til Porten.no.

Renovasjon, avfall, vatn og avløp er nokre av områda som vert råka av sjølvkostprinsippet. 

Regjeringa definerar begrepet slik: sjølvkost er den totale kostnadsøkninga ein kommune eller eit selskap har ved å produsera ein bestemt vare eller teneste. 

Thomassen seier det er forskjellige årsaker til at kostnaden for kommunale tenester er variert i dei forskjellige kommunane.

– Nokre har kanskje eit gamalt deponi, ein gamal bossplass som dei må halde vedlike i 30 år, som er dyrt. Det kan vera menge grunnar.

Til toppen