NY TILVEKST: Politikarane i Sogndal og Leikanger skal no ta stilling til om dei vil slå saman næringsfonda. Mynde over det nye fondet skal gå til styret i Sogn Næring. Foto: arkiv.
NY TILVEKST: Politikarane i Sogndal og Leikanger skal no ta stilling til om dei vil slå saman næringsfonda. Mynde over det nye fondet skal gå til styret i Sogn Næring. Foto: arkiv.

Leikanger vurderer å bli ein del av gründereventyret på Fosshaugane

Sogn Næring kan få ein ny kommune under vengjene.

Sogndal/Leikanger: Sogn Næring held til på Fosshaugane Campus og tilbyr rådgjeving til alle som ønskjer å starte eiga verksemd.

Det kommunale næringsfondet er i dag eigd av Sogndal kommune og næringslivet i bygda, men no kan Leikanger bli ein del av det gode selskapet. Ei samanslåing av næringsfonda er nemleg til politisk handsaming i dei to kommunane.

Les også: Her kjem innovasjonsbygget til Sogndal Fotball

Samanslåinga vil ikkje berre bety ein større felles pott. Felles blir òg førstelinetenesta, altså apparatet som tek imot og rettleier gründerspirer som brenn inne med ein forretningsidè.

Eit felles næringsselskap har allereie fått tommelen opp av formannskapa i begge kommunane, no er det opp til kommunestyra å ta ei endeleg avgjerd.

Blir utfallet positivt vil den nye organisasjonen søkje Sogn og Fjordane Fylkeskommune om 400 000 kroner i stimuleringstilskot.

Til toppen