NPK-NTB Tema: Mercedes-Benz A-klasse har vore på marknaden i nokre år og fekk nyleg ei lita ansiktsløfting, ikkje noko dramatisk, eit par nye lykter og grilldesign. Bilen held seg framleis bra nok til at han ikkje verkar visuelt datert. Rett nok har han eit vel kraftig overheng framme, men sjølve forma er framleis okey, sjølv om proporsjonane mellom front og hekk ikkje er heilt i tråd med det ein lærte på teikneskulen.
Utgåva her er ein ekstra frekk versjon, kalla A250 Sport. Sportsutgåva har sju hestekrefter meir enn ein vanleg A250, slik at totalen no er 218. På papiret plasserer det bilen i det som populært blir kalla GTI-klassen, men der høyrer han eigentleg ikkje heime. Ein Volkswagen Golf GTI er ein praktisk og sprek bil som miksar komfort, det praktiske og det sportslege på ein suveren måte. A250 Sport byr på mykje av det sportslege, mens det praktiske har skulka nokre timar og komfort ikkje har møtt opp.

Hard
Testbilen har justerbart understell til 12.000 kroner, som har alternativa hardt og steinhardt. Dette er på ingen måte ein bil der ein cruisar av garde med ein varm kaffi i handa. Er asfalten rufsete, kjenner ein det godt. A250 Sport er ein bil som nærmast krev ein aktiv køyrestil, det er langt viktigare at han tar ein sving flatt enn at det er flyt i konversasjonen om bord.
Motoren er festleg. Dreiemomentet hjelper til frå lågare turtal, og frå rundt 4.000 omdreiingar vaknar han verkeleg til liv mens det kaklar og smell frå eksosanlegget når du girar. Effektar som er gøy og veldig passande til ein bil som dette. På eigna vegar er det veldig moro, styringa er presis og direkte. Responsen frå motoren er kvikk og gir sjåføren ei kjensle av å ha ein fot direkte kopla til motoren. Veggrepet og firehjulstrekket gjer at bilen verkar veldig trygg, og ein kan gå på gasspedalen tidleg i ein sving utan at understell og dekk protesterer.

Ein rakkar
Det tok litt tid før eg vart venn med girkassa. Som i dei aller fleste Mercedes-Benz-modellane som ikkje er reine AMG-versjonar, sit girspaken på rattet, og trass i bruken av hendlane på rattet, overstyrte stadig vekk girkassa vala mine. Her må ein grave seg inn i menyane og sette opp bilen etter eige ønske. For så vidt ikkje noko problem, men samtidig litt merkeleg at manuell giring ikkje er tilgjengeleg med eit tastetrykk i ein bil som dette.
Oppsettet som kler bilen best, er eit sportsleg drivverk, mens understellet blir halde i det som er minst stivt. Da har ein ein skikkeleg hissig og morosam liten rakkar.
På den andre sida kjennest heile greia vel tøysete – på mange måtar presist skildra med den saftige vengen over bakluka.

Litt snever
Arbeidsområdet til bilen er vel snevert, og billig er han ikkje. Rett nok kostar bilen 110.000 kroner mindre enn den spinnville A45 AMG som har 381 hestekrefter, men som køyrer seg litt fast i eit for ambisiøst oppsett. Han er ikkje så dryg at han kan forsvare den hårete yttersida og den kompromisslause handteringa av vanleg veg. Ein Volkswagen Golf GTI er 40.000 billigare og vel ti hestekrefter sterkare enn ein samanliknbar A250 Sport, og Golf GTI femnar langt breiare. A250 Sport er for den merketru entusiasten som er villig til å forsake noko for å oppnå maks køyremoro.
På den positive sida kan ein seie at bilen ikkje er råare enn at det faktisk går an å bruke registeret til motoren på vanleg veg utan at kvar einaste ferie må brukast til pallesnikring. Men skal ein først ha ein så spesialisert bil, vel ein kanskje noko som er enda meir spesielt. Kanskje ein kabriolet eller ein sportsbil?

Tekniske data
Mercedes-Benz A220 4 Matic Sport
Pris: 538.900.-
Pris testbil: 715.911.-
Motor: 4 syl. Bensin. Turbo. 1950 ccm. 218 hk v. 550 o/min. 350 Nm v. 1200 o/min.
Aks: 6,3 sekund
Toppfart: 240 km/t
Forbruk: 0,67 l/mil (blanda)
Utslepp: 156 gram/kilometer CO2. 31 mg/km NOx
Mål (LxBxH): 4292/1780/1433 mm
Bagasjerom: 341/1157 liter
Eigenvekt: 1430 kg
Tilhengarvekt: 1500 kg
Pluss og minus
+
- Gøyal
- Heftig motor
- Køyreeigenskapar
–
- Komfortnivået
- Dyrt leiketøy
