NI PROSENT: Dagleg leiar Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane spår vekst i bustadprisane i fylket på 8-9 prosent. Pressefoto
NI PROSENT: Dagleg leiar Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane spår vekst i bustadprisane i fylket på 8-9 prosent. Pressefoto

Leilegheitsprisane i Sogndal på nivå med Bergen og Oslo

..og Eigedomsmekling Sogn og Fjordane trur den sterke veksten vil halde fram i om lag same takt i 2017. 

Sogndal: Bustadprisane i Sogn og Fjordane steig med heile 10,9% i 2016, noko som er litt mindre enn landsgjennomsnittet på 12,8%. Likevel skil vi oss ut som det fylket på Vestlandet med høgast vekst, og dobbelt så stor som i Hordaland med 5% og Møre & Romsdal med 4,8%. 

Det viser bustadprisstatistikken frå Eigedom Norge, Eiendomsverdi og Finn.no som vart lagt fram på onsdag 4. Januar. 

– Marknaden i Sogn og Fjordane var som forventa i fjor. Vi hadde ein litt treg start på året, men det losna veldig i 2. kvartal. Over sommaren fekk vi endå høgare etterspørsel og prisane steig kraftig utover hausten, seier dagleg leiar Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i ei pressemelding. 

Prisar på høgde med Bergen og Oslo 

Det er særleg dei største regionsentera som dreg opp. 

– I regionane Førde og Sogndal har veksten vore veldig sterk, og truleg godt over snittet for fylket. Gjennomsnittleg kvadratmeterpris på leilegheiter i Sogndal er på høgde med Bergen og sentrale delar av Oslo. 

Les også: Bustadprisane i Sogndal er historisk høge – slår fleire bydelar i Oslo

Les også: Dette huset i Årdal gjekk for rekordsum: – Håpar det losnar litt no

– Florø har også gode prisar, medan vi ser noko flatare prisutvikling i områda rundt regionsentera. Men ein sterk vekst i byane gjer at også nabokommunar får god vekst. Når prisane vert pressa, særleg slik som i Førde og Sogndal er det stadig fleire som ser etter gode alternativ i nabokommunane, forklarar Kårstad. 

Større prosjekt kan dempa veksten i andre halvår

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane forventar at den sterke veksten vil halde fram mot sommaren. 

Det nye året startar med få bustader ute for sal. Ikkje berre i eige fylke, men på landsbasis er tilbodet også lågt. 

– Difor ventar vi sterk vekst i bustadprisane i første halvår. Etterspurnaden etter nye bustader er høg i dei største regionane, og tal nybygg har ikkje vore tilstrekkeleg høg nok til å dekke denne dei siste åra. Der er nokre større prosjekt på gong som vil kunne endre dette, men desse er uansett klare for sal før tidligast 2. halvdel av 2017. Deretter er det 1-2 år byggetid, seier Kårstad. 

Totalt trur meklarsjefen at prisveksten vil bli på om lag 8-9 % i fylket til neste år.

Til toppen