Har du sett denne mannen? Politiet vil gjerne ha tips.  Foto: Politiet
Har du sett denne mannen? Politiet vil gjerne ha tips.  Foto: Politiet

Leitar etter asylsøkar i Årdal

Ein asylsøkar frå Årdal Mottakssenter har vore sakna sidan torsdag føremiddag 21. mai.

Det har vorte gjort søk i områder i Øvre Årdal der mannen tidlegare har gått turar, samt bustadsområde, fortel Espen Gulliksen, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Litt før kl. 01.00 natt til laurdag fortel operasjonsleiaren at dei held fram med leitinga etter mannen, basert på ein spesifikk observasjon gjort torsdag ettermiddag.

Det er hus og hytter i turterrenget rundt Moakamben i Øvre Årdal som vert gjennomsøkte.

– Det er kome inn tips som kan passe til beskrivelsen, seier Espen Gulliksen, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidristrikt. Tipsa dreier seg om observasjonar av ein mann som liknar den sakna asylsøkaren, men Gulliksen fortel til Porten.no at ikkje alle tipsa er stadfesta enno. 

– Det er vanskeleg å vite når vi er ferdige, det kjem an på tipsa vi får inn, seier han. 

Det vert òg søkt etter relevant informasjon i bustaden til mannen. 

Til toppen