NYNORSK: Kulturdepartementet er igjen på jakt etter den beste nynorskommunen. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NYNORSK: Kulturdepartementet er igjen på jakt etter den beste nynorskommunen. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Leitar etter beste nynorskkommune

Kulturdepartementet skal igjen kåre årets nynorskkommune.

Årdal/Lærdal: Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen. Sjølv om ein har søkt om tildelinga tidlegare, er ein velkommen til å søkje igjen, opplyser Kulturdepartementet.

Målet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane. I fjor var det Førde kommune som stakk av med utmerkinga.

Vinnaren får 100.000 kroner og blir kåra i månadsskiftet november/desember. Dei som ønskjer å delta i konkurransen må sende inn søknad før 1. oktober 2016. (©NPK)

Til toppen