GRÜNDERPRIS: Gründerprisen for ungdom 2015 gjekk til SGN Skis frå Sogndal Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
GRÜNDERPRIS: Gründerprisen for ungdom 2015 gjekk til SGN Skis frå Sogndal Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Leitar etter beste unge gründer

Sogn og Fjordane fylkeskommune leitar etter den beste unge gründeren i fylket. Han skal få 50.000 kroner.

Sogn: For å få prisen må ein vera mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane, og ha etablert ei verksemd dei siste fem åra.

Juryen vurderer ulike kriterium, som til dømes omsetnad og arbeidsplassar, teknologisk nyskaping, utnytting av nisjar, etablering av kvinnelege arbeidsplassar, og mykje anna som gjer verksemda spesiell.

Prisen vert delt ut på fylkestinget i desember, og fristen for å senda inn framlegg er 13. november. Ein kan nominera seg sjølv. I fjor fekk SGN Skis frå Sogndal prisen som har vorte delt ut sidan 2006. (©NPK)

Til toppen