HER ER DET STOPP: Gang- og sykkelvegen startar i Flåm og stoppar tre kilometer seinare på Otternes, omtrent halvvegs til Aurlandsvangen. Foto: Google Maps.
HER ER DET STOPP: Gang- og sykkelvegen startar i Flåm og stoppar tre kilometer seinare på Otternes, omtrent halvvegs til Aurlandsvangen. Foto: Google Maps.

Leitar etter pengar til sykkelstien mellom Flåm og Aurland

Ordførar Noralv Distad seier det meste er på plass – utanom finansieringa.

Aurland: Då Lærdalstunnelen vart bygt vart ein del av massane brukt til å lage ein gang- og sykkelveg frå Flåm til Otternes. Sidan då har både bygdefolk og politikarar drøymt om å få gjort ferdig den siste dryge halvparten inn til Aurlandsvangen.

FÅ ALTERNATIV: Miljømedvitne turistar som ønskjer å ta seg frå Flåm til Aurland på eiga hand har i dag få alternativ. Ordførar Noralv Distad håper sykkel kan bli eitt av dei dersom gang- og sykkelstien blir finansiert.

Den draumen rykker stadig nærare realisering. Gang- og sykkelstien er allereie teikna inn på kartet. Reguleringsplanen er allereie vedteken. Arbeidet med å få på plass avtalar med grunneigarane er snart i gang.

Utfordringa er å finne nok pengar.

– Den siste kalkylen er på 21 millionar, så det er ein stor kostnad. Men me kjem til å bruka mykje tid og krefter framover for å få til ei finansiering, seier ordførar Noralv Distad.

Les også: Politikarane etterlyser lokale investorar til sentrumsløft

I gårsdagens kommunestyremøte gjekk diskusjonen på om det er mogleg å bruke midlar frå Hamnevesenet. Konklusjonen har tidlegare vore nei, men no ønskjer kommunestyret å få ei ny vurdering.

– Me må vera budde på at det ikkje let seg gjera heller denne gongen. Då må me jobba for å finna alternative finansieringsløysingar og det er i så fall noko som vil vera svært høgt prioritert framover, seier Distad.

Til toppen