LEIKANGER: Klokka 20.54 opplyser politiet at den franske padleren er berga av brannbåt frå Leikanger.
LEIKANGER: Klokka 20.54 opplyser politiet at den franske padleren er berga av brannbåt frå Leikanger. (Foto: Skjermdump / Google Maps)

Kajakkpadlar redda av brannbåt frå Leikanger - er i god behald

Har kontakt med den sakna på telefon.

Aurland: Klokka 18.36 opplyser politiet på Twitter at dei saman med Hovudredningssentralen, jobbar med å lokalisera ein sakna fransk kajakkpadlar i Nærøyfjorden eller Aurlandsfjorden.

Politiet har kontakt med den sakna over telefon, og han skal stå fast på land langs fjorden ein stad. Franskmannen har mista kajakken sin, og skal etter forholda vera i grei fysisk forfatning.

Klokka 20.54 opplyser politiet at den franske padleren er berga av brannbåt frå Leikanger. Han er i god behald.

Kanoen er ikkje funnen og er sannsynlegvis på rek i området.

Til toppen