SØK: Det blir leita både på land og ute på fjorden.
SØK: Det blir leita både på land og ute på fjorden. (Foto: Ola Weel Skram)

Politiet ber om tips: – Vårt håp er å finna ho

Det er sett i verk ein større leiteaksjon i Sogndal etter at ei kvinne i natt vart meldt sakna frå ein institusjon.

Sogndal: Politiet ønskjer gjerne tips frå publikum.

– Vårt håp er å finna ho, seier Frode Kolltveit på operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

LEITAR: Jørn Skjeldestad i Røde Kors er ein av dei som deltek i aksjonen. Foto: Ola Weel Skram

Leitinga blir leia lokalt med utgangspunkt i Røde Kors-huset i Sogndal.

Leitar i sentrum

Politiet er der med innsatsleiar, og i søket deltek representantar frå Røde Kors, Norske Redningshundar, brannvesenet og frivillige.

Redningsskøyta er eit stykke unna, men er óg på veg. 

– Kor er det de konsentrerer leitinga?

– Det er vel eigentleg i Sogndal sentrum, og ute på sjøen, både langs land og ute på fjorden, på begge sier av brua, seier Kolltveit.

Går ut med signalement

Det var klokka 04:10 at politiet fekk melding om at ei kvinne i 40-åra var sakna frå ein institusjon i Sogndal. Kvinna var sist sett rundt klokka 01:00.

– Søk har pågått gjennom natta med personell fra naudetatane. Frivillige mannskap blir no kalla ut, skreiv politiet i ei pressemelding laurdag morgon.

Kvinna har truleg på seg ei tynn, blå vindjakke, blå dongeribukse og grønne eller turkise sko. Ho skal vera rundt 170 centimeter høg, mellom 60-70 kilo, og ha mørkt hår. Politiet ber innbyggjarar om å sjekka garasjar, uthus og eigedom for å sjå om dei finn den sakna.

Til toppen