STORE STYRKAR: Eit redningshelikopter står klar til å bistå i søket etter den sakna på Sognefjellet. (Bilde: Råmund Mundhjeld/Sognefjellshytta)

Sakna mann (68) funnen på Sognefjellet etter stor leiteaksjon

Etter å ha opphalde seg heile natta i fjellet vart turgåaren funnen i god form.

Luster/Lom: Den sakna turgåaren vart funnen i vanskelege vêrtilhøve like før klokka to i dag. Då hadde leiteaksjonen pågått sidan kvelden før.

Søket vart starta søndag kveld klokka 22.52 av politiet og frivillige. Den sakna var ein 68 år gamal fjellvant mann som skulle gå frå Nørdstedalsseter, ei DNT-hytte i Fortundalen i Luster, til Sognefjellshytta. Det vart slått alarm då han ikkje kom fram til avtala tid .

Dagen etter meldte politiet at det framleis vart leita med store styrkar etter den sakna.

Redningshundar og omlag femti frivillige, mellom anna frå Luster hjelpekorps, søkte langs den merka stien på strekninga. Helikopter stod klar til å ta del i søket, men vêret var for dårleg til at det kunne lette.

– Det har vore dårleg vêr med snø, regn og vind. Sikta har vore dårleg. Det er eit svært område som me no slit litt med å komma gjennom. Det er ein tøff jobb for mannskapet, sa Ove Fortun i Luster hjelpekorps til NRK tidlegare i dag.

KOM IKKJE FRAM: Mannen skulle gå frå Nørstedalsseter i Fortundalen til Sognefjellshytta, men kom ikkje fram til avtala tid.
KOM IKKJE FRAM: Mannen skulle gå frå Nørstedalsseter i Fortundalen til Sognefjellshytta, men kom ikkje fram til avtala tid. Foto: Google Maps

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen