AURLAND: Redningsaksjon på Bakkanosi i Aurland.
AURLAND: Redningsaksjon på Bakkanosi i Aurland. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

To personar gjekk seg vill på fjellet

To personar har gått seg vill på fjellet i Aurland.

Aurland: Klokka 10:38 sette politiet i gong ein redningsaksjon i samråd med HRS. 

To personar har gått seg vill på fjellet Bakkanosi, det skriv politiet på Twitter. 

Det skal vera dårleg sikt i området, og frivillig redningsmannskap er kalla ut.  

Klokka 17:38 opplyste politiet at hjelpemannskap hadde lokalisert turgåarane. Dei var i fin form, og hadde starta på returen.

Til toppen