I dag tidleg samla politi, Røde Kors og Norsk Folkehjelp seg for å planleggje laurdagens leiteaksjon.
I tillegg møtte 35 menn frå det eritreiske miljøet i Sogndal opp for å hjelpe til med leitinga. Porten.no kjenner til at den sakna mannen var ofte på besøk hjå vener i Sogndal.
Eit døgn i Fardalen
Det var fyrst planlagt at dei tilreisande frå Sogndal skulle vere med å søke langs vegen fram til Vetti. Etter fleire overveiningar vart det heller bestemt at dei skulle dele seg i fire grupper og søkje gjennom Fardalen i Øvre Årdal. Det øvrige leitemannskapet tek føre seg finsøk i Vetti.
For seks månadar sidan var den sakna eritrearen vekke i eit døgn, og då hadde han sjølv fortalt at han hadde vore i Fardalen. Dette bekrefter kameratane til den sakna til Porten.no.
Veit de kvifor han forsvann for seks månadar sidan?
– Han ville vere for seg sjølv, seier Magne Knudsen, lensmann i Årdal.
Det var mistanke om at den sakna eritrearen hadde gjort det same denne gongen. – Då han ikkje møtte opp til fellesmøtet på mottaket kl. 13.00 fredag (22. mai, journ. anm.), vart folk engstelege, fortel Knudsen.